Logo
🔍

Profeten Jesaja 52 N11NN

« Herren kjem tilbake til Sion

1. Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion! Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by! For aldri meir skal ein uomskoren eller urein koma inn i deg.

2. Rist støvet av deg, reis deg opp, set deg, Jerusalem! Løys lenkjene du har om halsen, dotter Sion i fangenskap!

3. For så seier Herren: De vart selde utan betaling, og utan pengar skal de løysast ut.

4. For så seier Herren Gud: Før i tida drog folket mitt ned til Egypt for å bu der som innflyttarar. Assur undertrykte dei utan grunn.

5. Og no, kva skal eg gjera her? seier Herren. For folket mitt er teke utan vederlag. Dei som herskar over det, hyler, seier Herren, og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.

6. Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt på den dagen, for eg er Han, han som seier: «Her er eg!»

7. Kor vakre dei er der dei spring over fjella, føtene til den som ber bod, forkynner fred, kjem med god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: «Din Gud er konge!»

8. Høyr, vaktmennene dine ropar høgt, dei jublar alle saman. For med eigne auge ser dei at Herren vender attende til Sion.

9. Bryt ut i jubel saman, de Jerusalems ruinar! For Herren trøystar folket sitt, han løyser Jerusalem ut.

Dra ut

10. Herren viser sin heilage arm for auga på alle folkeslag. Heile jorda får sjå frelsa frå vår Gud.

11. Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå! Rør ikkje noko ureint! Gå ut frå henne, gjer dykk reine, de som ber Herrens kar!

Herrens lidande tenar

12. For de skal ikkje gå ut i hast, og ikkje skal de flykta. For Herren går framfor dykk, og bak dykk går Israels Gud.

13. Sjå, min tenar skal ha framgang, han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.

14. Slik mange vart forfærde over deg – så øydelagd var han, han likna ikkje ein mann, han såg ikkje ut som eit menneske –

15. slik skal mange folkeslag undrast, for hans skuld skal kongar lata att sin munn. For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå, og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

»