Logo
🔍

Profeten Jesaja 52 N78NN

« Herren kjem attende til Sion

1. Vakna, vakna, kled deg i styrke, Sion! Ta på deg ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir ¬skal det koma inn i deg ein uomskoren eller urein.

2. Rist av deg støvet og reis deg, set deg på trona, Jerusalem! Løys lekkjene du har ¬om halsen, du hærtekne Sion-dotter!

3. Så seier Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar ¬skal de løysast ut.

4. For så seier Herren din Gud: I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egypt og heldt til der. Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur.

5. Og no, lyder ordet frå Herren, kva skal eg gjera her når folket mitt er bortført ¬utan vederlag? Valdsherrane hyler, ¬seier Herren, og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta.

6. Difor skal folket mitt læra mitt namn å kjenna, ja, den dagen skal dei skjøna at det er eg som seier: ¬«Her er eg!»

7. Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred ¬og ber god bodskap, forkynner frelse ¬og seier til Sion: «Din Gud er konge!»

8. Høyr, dine vaktmenn ropar, dei jublar alle i hop. For med eigne augo ser dei at Herren kjem heim att ¬til Sion.

9. Set i med jubelrop, de aude tufter i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk og løyser ut Jerusalem.

Far bort frå Babylon!

10. Herren syner sin heilage arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jord får sjå frelsa frå vår Gud.

11. Far bort, far bort frå Babylon! Ikkje rør noko ureint! Dra ut or byen og reinsa dykk, de som ber Herrens kar!

Herrens lidande tenar

12. For de treng ikkje ¬skunda dykk, de må ikkje røma frå byen. For Herren sjølv går føre dykk, og sist i flokken er Israels Gud.

13. Sjå, min tenar skal ha ¬framgang, han skal stiga ¬og lyftast og opphøgjast.

14. Liksom mange stokk til ¬då dei såg han – meir skamfaren var han ¬enn nokon mann, han såg ikkje ut ¬som eit menneske,

15. så skal mange folkeslag ¬undrast over han, og kongar skal lata att ¬sin munn. For dei får sjå ¬det som aldri vart sagt dei, uhøyrde ting vert dei vitne til.

»