Logo
🔍

Profeten Jesaja 54 N78NN

« Herren tek Israel til nåde att

1. Rop av glede, ¬du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ikkje hadde rier! For den einslege kvinna ¬har fleire born enn ho som har mann, ¬seier Herren.

2. Gjer større rom for teltet ditt, spenn ut dine teltdukar, ¬spar ikkje på dei, gjer snorene lange, ¬slå pluggane fast!

3. For til høgre og venstre ¬skal du breia deg ut. Di ætt skal driva ut folkeslag og bu i byar som låg aude.

4. Ver ikkje redd, du skal ikkje verta til skammar! Ver ikkje skamfull, du skal ikkje verta vanæra! No kan du gløyma ¬din ungdoms skam og ikkje meir minnast ¬din enkjestands vanære.

5. For han som skapte deg, ¬er din mann, Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn; Israels Heilage er din utløysar, han som heiter Gud ¬for all jorda.

Herrens fredspakt

6. Som ei bortstøytt ¬og sorgfull kvinne kallar Herren deg attende. Kan ein vel vraka, ¬seier din Gud, ho som var kone ¬heilt frå sin ungdom?

7. Ei lita stund gjekk eg frå deg, men i mi store miskunn vil eg føra deg heim att.

8. Då vreiden steig opp i meg, løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink. Men med evig nåde vil eg miskunna deg, seier Herren, din utløysar.

9. For meg er dette ¬som i Noahs dagar, den gongen eg svor ¬at Noah-flaumen aldri meir skulle koma ¬over jorda. På same måten sver eg no at eg aldri meir skal harmast på deg ¬og refsa deg.

10. For om fjella vik ¬og haugane vert rikka, skal min nåde ikkje vika ¬frå deg, og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast, seier Herren, ¬som miskunnar deg.

11. Du arme stormdrivne, som ikkje finn trøyst! Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisar og byggjer din grunnmur ¬med safirar.

12. Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar, dine portar av krystallar og heile din ringmur ¬av dyre steinar.

13. Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren, og stor er freden for dine søner.

14. Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd. Ver trygg for trengsle – du har ingenting å ottast, og for redsle – ho skal ikkje nå deg.

15. Går nokon til strid imot deg, kjem det ikkje frå meg. Den som tek på deg, skal falla for di hand.

16. Sjå, eg skaper smeden som blæs i kolelden og lagar våpen til sitt bruk. Og eg skaper øydaren til å herja og skada.

17. Ikkje eitt våpen ¬dei smider imot deg, skal visa seg gagnleg. Kvart klagemål ¬dei reiser mot deg, skal du få kjent grunnlaust. Det er den lut ¬som Herrens tenarar får, den rett eg gjev dei, ¬seier Herren.

»