Logo
🔍

Profeten Jesaja 55 N11NN

« Herrens nådige innbyding

1. Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!

2. Kvifor bruka pengar på det som ikkje er brød, og arbeid på det som ikkje mettar? Høyr no på meg, så skal de få eta det som godt er, og fryda dykk over feite retter.

3. Vend øyret hit og kom til meg, høyr, så skal de leva! Eg vil gjera ei evig pakt med dykk, mi miskunn mot David står fast.

4. Sjå, til vitne for folka sette eg han, til fyrste og herskar over folka.

Søk Herren medan han er å finna

5. Sjå, eit folkeslag du ikkje kjenner, skal du kalla på, eit folkeslag som ikkje kjenner deg, skal springa mot deg for Herren din Guds skuld, Israels Heilage, som gjer deg herleg.

6. Søk Herren medan han er å finna, kall på han når han er nær!

7. Den urettferdige skal venda seg bort frå sin veg, ugjerningsmannen frå sine tankar, og venda om til Herren, som vil visa miskunn, til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.

8. For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.

9. Som himmelen er høgt over jorda, slik er mine vegar høgt over dykkar vegar og mine tankar høgt over dykkar tankar.

10. For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta,

11. slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.

12. For med glede skal de dra ut, i fred skal de førast fram. Fjell og haugar bryt ut i jubel framfor dykk, alle tre på marka klappar i hendene.

13. I staden for klunger skal det veksa sypressar, i staden for nesler skal det veksa myrt. Slik skal Herren få eit namn, eit evig teikn som aldri skal slettast ut.

»