Logo
🔍

Profeten Jesaja 56 N78NN

« Mitt hus skal kallast eit bønehus

1. Så seier Herren: Hald lov og rett, og gjer det som rett er! For mi frelse er nær, ho kjem, og mi rettferd skal syna seg.

2. Sæl er den som gjer det eg vil, kvart menneske ¬som held fast ved det, så han held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og vaktar si hand, så han ikkje gjer vondt.

3. Den framande ¬som har slutta seg til Herren, må ikkje seia: «Herren vil skilja meg ut ¬frå sitt folk.» Og den som er gjeld, ¬må ikkje seia: «Eg er berre eit turt tre.»

4. For så seier Herren: Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar, som vel å gjera det eg vil, og held fast ved mi pakt,

5. dei gjev eg ¬minnesmerke og namn i mitt hus ¬og innan mine murar. Eg gjev dei det som betre er enn søner og døtrer: ¬eit evig namn, som aldri skal rydjast ut.

6. Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren, som vil tena Herren ¬og elska hans namn og vera hans tenarar, alle som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, men held fast ved mi pakt,

7. dei fører eg til mitt heilage fjell og lèt dei gleda seg ¬i mitt bønehus. Deira brennoffer og slaktoffer skal vera til hugnad ¬på mitt altar. For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.

Israels leiarar er blinde

8. Ja, så lyder ordet ¬frå Herren vår Gud, som samlar dei bortdrivne ¬av Israel: Endå fleire vil eg samla enn dei som alt er komne.

9. Kom, alle dyr i marka, kom og et, alle dyr i skogen!

10. Israels vaktmenn er alle blinde, dei merkar ingen ting. Alle er dei mållause hundar, som ikkje kan gøy. Dei ligg og drøymer og likar å sova.

11. Men grådige hundar er dei, aldri vert dei mette. Og slike folk ¬skal vera hyrdingar, dei som ikkje veit å passa på! Dei vender seg alle ¬sin eigen veg, kvar til si eiga vinning.

12. «Kom, eg skal henta vin, så vi kan drikka oss fulle! Og morgondagen ¬skal verta som denne, ein stor og herleg dag.»

»