Logo
🔍

Profeten Jesaja 59 N11NN

« Synd og frelse

1. Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.

2. Nei, det er skulda som skil mellom dykk og dykkar Gud. Syndene dykkar løyner andletet hans så han ikkje høyrer dykk.

3. For hendene dykkar er tilsølte med blod og fingrane av skuld, leppene dykkar talar løgn, og tunga mumlar svik.

4. Ingen stemner til doms med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på tomleik og talar løgn, dei unnfangar urett og føder vondskap.

5. Dei klekkjer ut ormeegg og vev spindelvev. Den som et av egga, døyr, blir dei knuste, blir det klekt ut ein slange.

6. Det dei vev, duger ikkje til klede, ingen kan kle seg i det dei lagar. Det dei gjer, er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå hendene deira.

7. Føtene deira spring etter vondskap, dei er raske til å ausa ut uskuldig blod. Dei legg vonde planar, der dei fer, er det herjing og øydelegging.

8. Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i fotspora deira. Dei lagar seg krokvegar, den som går der, kjenner ikkje fred.

9. Difor er retten langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi vonar på lys, men sjå, det er natt, på lysglans, men vi går i mørker.

10. Vi famlar langs veggen som blinde, famlar som om vi var utan auge. Vi snublar midt på dagen som om det var skumring, midt i livet er vi som døde.

11. Vi brummar alle som bjørnar, vi klynkar som duer. Vi vonar på rett, men det finst ikkje, på frelse, men ho er langt borte frå oss.

12. Våre mange brot er framfor deg, våre synder vitnar imot oss. For vi veit om våre brot, og vi kjenner vår skuld.

13. Vi har gjort opprør og fornekta Herren, snudd oss bort frå vår Gud, tala om undertrykking og fråfall og brumma usanne ord som vi unnfanga i hjartet.

14. Retten er driven tilbake, rettferda står langt borte. For sanninga har snubla på torget, og det som er rett, kjem ingen veg.

15. Sanninga er borte, den som vender seg frå det vonde, blir plyndra. Herren såg det, og det var vondt i hans auge, for det fanst ingen rett.

16. Han såg ikkje nokon som kom til hjelp, han undra seg over at ingen greip inn. Men hans arm gav han siger, hans rettferd støtta han.

17. Han kledde seg i rettferd som brynje og sette frelses hjelm på hovudet. Han kledde seg i hemnens drakt og sveipte om seg lidenskapens kappe.

18. Som gjerninga er, slik gjengjelder han: harme mot motstandarar, gjengjeld mot fiendar, mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.

19. Dei skal frykta Herrens namn i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem som ein veldig flaum, Herrens ande driv han fram.

20. Ein som løyser ut, skal koma til Sion, til dei hos Jakob som vender om frå synd, seier Herren.

21. Dette er mi pakt med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt i din munn, skal ikkje vika frå din munn og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine, seier Herren, frå no og til evig tid.

»