Logo
🔍

Profeten Jesaja 59 N78NN

« Synd og frelse

1. Sjå, Herrens hand ¬er ikkje så kort at han ikkje kan frelsa, og hans øyra ikkje så ¬tunghøyrt at han ikkje kan høyra.

2. Nei, det er ¬misgjerningane dykkar som skil mellom dykk ¬og dykkar Gud. Syndene dykkar ¬løyner hans åsyn, så han ikkje høyrer dykk.

3. Hendene dykkar ¬er tilsølte med blod og fingrane flekka med skuld, lippene dykkar talar lygn, og tunga mumlar svik.

4. Ingen stemner til doms ¬med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på fåfengd og talar lygn, dei ber på urett ¬og føder vondskap.

5. Dei klekkjer ut orme-egg og vev spindelvev. Den som et deira egg, må døy, og knuser du eit, ¬kjem det fram ein orm.

6. Deira vevnad duger ikkje ¬til klede, ingen kan kle seg ¬med det dei lagar. Det dei gjer, ¬er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå deira ¬hender.

7. Dei er snare på foten ¬til det som er vondt, og snøgge til å renna ut ¬skuldlaust blod. Alle deira tankar er vonde, der dei fer, ¬er herjing og øyding.

8. Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei går på krokete stigar, og ingen som ferdast der, ¬veit av fred.

9. Difor er retten ¬langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi ventar på ljos, ¬men sjå, det er mørkt, på solskin, men ferdast ¬i skugge.

10. Vi trivlar langs veggen ¬som blinde, vi trivlar som folk utan augo. Vi snåvar på ljose dagen som om det var skumring, i vår beste alder er vi ¬som døde.

11. Vi gryler alle som bjørnar og klynkar og klagar som duer. Vi ventar på rettferd, ¬men ho kjem ikkje, på frelse, ¬men ho er langt borte frå oss.

12. Du ser at våre synder ¬er mange, våre brot vitnar imot oss. Ja, våre synder veit vi om, våre misgjerningar kjenner vi:

13. Vi har reist oss mot Herren, har fornekta han og gått bort frå vår Gud. Vi har tala om vald og fråfall og mumla fram svikefulle ord som var avla i hjarta.

14. Difor er retten unnatrengd, rettferda står langt borte. På torget er sanninga fallen, og det rette vinn ikkje fram.

15. Truskapen er borte, og den som held seg ¬frå vondskap, vert plyndra. Herren såg – og det var vondt ¬i hans augo – at det ikkje var retten ¬som rådde.

16. Han såg at ikkje ein steig fram, og undra seg over at ingen førte hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, hans rettferd stødde han.

17. Han tok rettferd på seg ¬til brynje og sette frelseshjelm ¬på sitt hovud. Så kledde han seg ¬i hemnens klednad og sveipte om seg ¬brennhug til kappe.

18. Han løner folk ¬etter det dei har gjort, med harme mot uvener, ¬hemn over fiendar; jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld.

19. Dei skal ottast Herrens namn ¬i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem ¬som ein veldig flaum, som Herrens storm driv fram.

20. Han kjem ¬som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd ¬i Jakob, lyder ordet frå Herren.

21. Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

»