Logo
🔍

Profeten Jesaja 60 N78NN

« Solrenning over Sion

1. Reis deg i stråleglans! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom ¬renn opp over deg.

2. Sjå, mørker ligg over jorda og skydimme over folka. Men over deg ¬strålar Herren fram, over deg ¬syner hans herlegdom seg.

3. Mot ditt ljos skal folkeslag fara, mot din strålande glans ¬skal kongar gå.

4. Lyft augo og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg. Dine søner ¬kjem langt bortanfrå, dine døtrer ¬vert borne på armen.

5. Då skal du sjå det ¬og stråla av glede, hjarta skal banka og vida ¬seg ut. For havsens rikdom ¬strøymer imot deg, skattane åt folka kjem til deg.

6. Kamelar i mengd fyller landet, kamelfolar frå Midjan og Efa. Dit kjem alle frå Saba, gull og røykjelse ¬fører dei med seg. Med glede forkynner dei ¬Herrens pris.

7. Alle sauer frå Kedar ¬samlast hjå deg, verar frå Nebajot ¬står til di teneste. Til glede for meg ¬skal dei ofrast på mitt altar, og eg vil pryda ¬mitt herlege tempel.

8. Kven er desse som kjem lik drivande skyer, lik duer som flyg til sine hus?

9. Øyar og strender ventar ¬på meg. Fremst går Tarsis-skipa. Langt bortanfrå ¬fører dei dine søner og deira gull og sølv med dei, til ære for namnet ¬åt Herren din Gud, for Israels Heilage, ¬som gjev deg slik heider.

10. Framande skal byggja ¬dine murar, og deira kongar skal tena deg. I min harme har eg slege deg, men i min nåde ¬miskunnar eg deg.

11. Dine portar skal alltid ¬stå opne, korkje dag eller natt ¬skal dei stengjast, så rikdomen åt folka ¬kan førast til deg og kongane deira ¬i fangeflokken.

12. For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal gå til grunne, og folkeslag skal rydjast ut.

13. Til deg kjem ¬Libanons herlege tre, både sypress og gran ¬og buksbom; dei skal pryda den stad der min heilagdom står, og æra den stad der eg set min fot.

14. Sønene til dei som trælka deg, kjem og bøyer seg djupt ¬for deg. Alle som vanvørde deg, kastar seg ned for dine føter. Dei skal kalla deg Herrens by, Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til.

15. Før sat du einsam og hata, ingen såg innom deg. Men no gjer eg deg stor ¬for alltid, til ei glede frå ætt til ætt.

16. Då skal du suga mjølk frå folka, ved kongars bryst ¬skal du næra deg. Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar, at Jakobs Veldige ¬er din utløysar.

17. Eg gjev deg gull ¬i staden for kopar og sølv i staden for jern; eg gjev deg kopar ¬i staden for tre og jern i staden for stein. Fred lèt eg råda over deg og rettferd styra deg.

18. Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land, om herjing og øyding ¬innan dine grenser. Du skal kalla dine murar Frelse og dine portar Lovsong.

19. Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dagen eller månen om natta. For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig, din Gud skal vera ¬din herlegdom.

20. Aldri meir skal sola di glada eller månen din missa ¬sin glans. For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig. Dine syrgjedagar er enda.

21. I ditt folk ¬skal alle vera rettferdige, dei skal eiga landet til evig tid. Dei er ei plante i min hage, eit verk eg har gjort til mi ære.

22. Den minste skal verta til tusen, den ringaste til eit mektig folk. Eg er Herren, og eg lèt det henda, brått, i si tid.

»