Logo
🔍

Profeten Jesaja 61 N78NN

« Eit nådeår frå Herren

1. Herrens Ande ¬er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg ¬til å forkynna ein gledebodskap ¬for armingar, til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne.

2. Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud. Eg skal trøysta alle som syrgjer,

3. og gje dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden ¬for oske, gledeolje ¬i staden for syrgjeklede og lovsong ¬i staden for motløyse. Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre, som Herren har planta for å syna sin herlegdom.

4. Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar, reisa det ¬som før vart lagt i øyde, byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar, som låg der aude frå ætt til ætt.

5. Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer, utlendingar skal dyrka ¬dykkar jord og stella dykkar vingardar.

6. Men de skal kallast ¬Herrens prestar, tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk. Rikdomen åt folka ¬skal de nyta, og deira skattar skal de få.

7. De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam. Dei som leid vanære, skal jubla over sin lut. Dobbel arv skal dei få i landet, evig glede skal dei ha.

8. «For eg er Herren, ¬som elskar rett og hatar ran og urett. Trufast vil eg gje dei løn og gjera ei evig pakt med dei.

9. Namngjeten vert deira ætt ¬mellom folkeslaga, deira etterkomarar ¬mellom folka. Alle som ser dei, skal skjøna at dei er ei ætt ¬som Herren har velsigna.»

10. Eg vil gleda meg storleg ¬i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For han har kledt meg ¬i frelsesskrud og sveipt meg ¬i rettferds kappe, lik ein brudgom ¬som pryder sitt hovud, lik ei brur ¬som tek på seg sine søljer.

11. For liksom jorda ¬lèt groen renna, og hagen lèt sædet brydda, så skal Herren vår Gud la rettferd gro fram og lovsong lyda ¬for alle folkeslag.

»