Logo
🔍

Profeten Jesaja 62 N78NN

« Sion får att sin herlegdom

1. For Sions skuld ¬vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld ¬vil eg ikkje vera still, før hennar rett ¬strålar fram med glans og hennar frelse ¬som ein brennande fakkel.

2. Då skal folkeslag sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn, som Herren sjølv skal gje deg.

3. Du skal vera ein herleg krans ¬i Herrens hand, ein kongeleg hovudprydnad i handa åt din Gud.

4. Du skal ikkje lenger kallast ¬«Den forlatne», og ditt land skal ikkje meir ¬heita «Øydemark». Men du skal kallast ¬«Mi kjære», og landet ditt ¬skal heita «Kone». For Herren skal ha deg kjær, og landet ditt skal takast ¬til ekte.

5. Som ein ungdom gifter seg ¬med ei møy, skal dine søner ta deg til ekte. Og som ein brudgom ¬gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg ¬over deg.

6. På murane dine, Jerusalem, har eg sett vaktmenn. Og dei skal aldri teia anten dag eller natt. De som prisar Herren, unn dykk ikkje ro!

7. Lat heller ikkje han få ro før han byggjer opp att ¬Jerusalem og gjer byen til ein lovsong ¬på jorda.

8. Herren har svore ¬ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Aldri meir skal eg gje ditt korn til føde for dine fiendar, og ikkje skal framande ¬drikka din vin, som du har hatt møda med.

På heimveg

9. Nei, dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren; og dei som sankar druene, skal drikka vinen i mine heilage tempelgardar.

10. Dra ut, dra ut gjennom ¬portane, og ryd ein veg for folket! Bygg, ja bygg ein kongsveg og reinsa han vel for stein! Reis ei merkestong for folka!

11. Høyr, Herren lèt det ljoma til heimsens ende: Sei til Sions dotter: Sjå, di frelse kjem! Sjå, dei han fekk i løn, ¬er med han, dei han vann, går føre han.

12. Dei skal kallast ¬det heilage folket, dei som Herren har løyst ut. Og sjølv skal du kallast ¬den søkte, byen som ikkje ligg aud og tom.

»