Logo
🔍

Profeten Jesaja 7 N78NN

« Ottast ikkje, men tru på Gud!

1. På den tid då Akas, son til Jotam og soneson til Ussia, var konge i Juda, drog Resin, kongen i Aram, saman med Pekah Remaljason, kongen i Israel, opp til Jerusalem og ville ta byen. Men han greidde ikkje å koma til med noko åtak.

2. Det vart meldt til Davids hus at aramearane hadde slege leir i Efraim. Då skalv hjarta åt kongen og folket, liksom trea i skogen skjelv i vinden.

3. Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen!

4. Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen!

5. For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier:

6. Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe’el-sonen til konge der!»

7. Men så seier Herren Gud: «Det skal ikkje vara ved, og så skal det ikkje vera

8. at Damaskus er Arams hovud og Resin hovding i Damaskus – om sekstifem år ¬er det ute med Efraim, så det ikkje meir er eit folk,

Immanuels-teiknet

9. at Samaria er Efraims hovud og Remalja-sonen ¬hovding i Samaria. Vil de ikkje tru, ¬skal de ikkje trygt få bu.»

10. Herren tala atter til Akas og sa:

11. «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!»

12. Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»

13. Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg?

14. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

15. Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode.

16. For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for.

Framandvelde og fattigdom

17. Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»

18. Den dagen skal Herren plystra på flugene attmed elvosane ¬i Egypt og på biene i Assyria.

19. Alle skal koma og slå seg ned i tronge dalar og fjellkløfter, i alle klungerrunnar og på alle brynnings-stader.

20. Den dagen skal Herren ¬raka av håret med ein kniv han har leigt på hi sida av Storelva, med kongen i Assyria. Både ovantil og nedantil skal han raka av alt hår; jamvel skjegget ¬skal han skrapa bort.

21. På den tid ¬skal ein mann kunna halda ei kvige og eit par sauer,

22. og dei skal gje så mykje mjølk at han kan eta rjome. Ja, rjome og honning ¬skal dei eta, alle som er att i landet.

23. På den tid skal det henda at kvar stad ¬der det no står tusen vintre, som er verde tusen sekel sølv, skal det berre veksa ¬torn og tistel.

24. Med pil og boge ¬går ein dit, for landet er fullt ¬av torn og tistel.

25. Til alle lier ¬der dei no brukar hakke, kjem du ikkje meir ¬av redsle for torn og tistel. Dei skal verta til hamnegang ¬for oksar og trakkast ned av sauer.

»