Logo
🔍

Profeten Jesaja 9 N78NN

« Fredsfyrsten

1. Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.

2. Det folket som ferdast ¬i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i ¬skuggelandet, skal ljoset stråla.

3. Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg ¬i kornskurden, som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.

4. For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund ¬som på Midjans dag.

5. Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde ¬for elden.

6. For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler ¬på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.

Gud retter ut si hand til straff

7. Så skal herredømet ¬verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.

8. Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob, det har slege ned i Israel.

9. Dei har fått merka det, ¬heile folket, dei som bur i Efraim ¬og Samaria. Men stolte og hovmodige ¬sa dei:

10. «Teglsteinsmurar ¬har rasa saman, vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedertre i staden.»

11. Då lét Herren Resin, deira fiende, ¬reisa seg mot dei, og han eggja ¬deira motstandarar.

12. Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vest og slukte Israel med vidope ¬gap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

13. Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.

14. Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale, palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.

15. Dei eldste og stormennene ¬er hovudet, profetane som lærer lygn, ¬er halen.

16. Dei som førte dette folket, ¬førte vilt, og dei som lét seg leia, fór vilt.

17. Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deira og hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer; for alle var gudlause ¬og gjorde vondt, kvar einaste munn ¬tala dårskap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

18. Ja, gudløysa brenn som eld og øyder torn og tistel; ho set tjukke skogen i brann, og røyken stig høgt til vers.

19. Landet er sett i brann fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm, og folket vert til føde ¬for elden. Det er ingen ¬som sparer sin bror.

20. Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne, dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette. Kvar og ein et sin neste,

21. Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse, og saman kastar dei seg ¬over Juda. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.

»