Profeten Jeremia 10 N78NN
1. Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt.
2. Så seier Herren: Ven dykk ikkje til å gjera ¬som andre folk og reddast ikkje teikn ¬på himmelen, endå om andre folk reddast dei.
3. For skikkane åt folka ¬er ingenting verde. Dei høgg eit tre i skogen, ein treskjerar lagar det til ¬med øks,
4. han pryder det med sølv og gull og fester det med naglar ¬og hamar, så det står støtt.
5. Gudebileta liknar fugleskræmsla i ein agurkåker; dei kan ikkje tala, og dei må berast, ¬for dei kan ikkje gå. Ver ikkje redde dei! Dei gjer ingen skade, men kan heller ikkje gjera ¬noko godt.
6. Ingen er som du, Herre. Stor er du, stort og mektig er ditt namn.
7. Kven må ikkje ottast deg, som det sømer seg, du konge over folkeslag. For mellom alle vismenn ¬hjå folka, i alle rike er ingen som du.
8. Alle saman er dumme som fe, frå gagnlause tregudar ¬har dei sin lærdom.
9. Platesølvet er kome frå Tarsis og gullet frå Ufas. Det er eit verk av treskjerar ¬og gullsmed, kledt i purpur, fiolett og raudt; alt er laga av kunstnarar.
10. Men Herren, ¬han er i sanning Gud, ein levande Gud ¬og ein evig konge. Jorda skjelv for hans harme, folka kan ikkje halda ut ¬hans vreide.
11. Så skal de seia til dei: «Dei gudar som ikkje skapte ¬himmel og jord, skal kverva frå jorda og ikkje finnast ¬under himmelen.»
12. Herren skapte jorda ¬med si kraft, han grunnla fastlandet i visdom og spente ut himmelen ¬med skjøn.
13. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen, han lèt skodd stiga opp ¬frå enden av jorda, han lèt lyna blinka ¬og regnet falla og sender vinden ¬frå hans opplagsrom.
14. Alle menneske er dumme ¬og uvituge. Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete, dei støypte bileta hans er lygn, det er ikkje ånd i dei.
15. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta, i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei.
Teltet mitt er herja16. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del, for det er han som skaper alt. Israel er hans eiga ætt. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.
17. Pakk sekken, far ut or landet, du som bur i ein kringsett by!
18. For så seier Herren: Denne gongen slengjer eg bort dei som bur i landet; eg fører dei ut i trengsle, så dei skal finna meg.
19. Ve meg, for eit slag! Ulækjande er mitt sår. Dette er berre ei liding som eg må tola, tenkte eg.
20. Teltet mitt er herja, og alle teltsnorer avslitne. Borna mine har fare frå meg, ¬dei er borte; det er ikkje lenger nokon som set opp teltet mitt og spenner ut teltdukane.
21. For gjætarane er dumme ¬som fe, dei søkjer ikkje Herren. Difor har dei ikkje lukka ¬med seg, og heile flokken deira ¬er spreidd.
Profetens bøn22. Høyr, det kjem ei melding og eit kraftig drøn ¬frå landet i nord. Byane i Juda ¬skal gjerast til ei audn, ein tilhaldsstad for sjakalar.
23. Herre, eg veit at mennesket ikkje sjølv rår for sin veg, og at ferdamannen ikkje sjølv kan styra sine steg.
24. Tukta meg, Herre, ¬men med måte, ikkje i vreide, ¬så du gjer meg til inkjes.
25. Renn harmen din ut ¬over folkeslag som ikkje kjenner deg, over ætter ¬som ikkje kallar på deg. For dei har ete opp Jakob, ete han opp ¬og gjort ende på han og lagt hans bustad i øyde.