Logo
🔍

Profeten Jeremia 12 N78NN

« Kvifor har dei vonde lukka med seg?

1. Herre, du har alltid rett når eg fører sak med deg. Likevel må eg føra klagemål ¬mot deg. Kvifor har dei vonde ¬lukka med seg, kvifor er alle ¬dei trulause trygge?

2. Du plantar dei, ¬og dei røter seg; dei veks og ber frukt. Nær er du i deira munn, men langt borte frå ¬deira hjarta.

3. Men du, Herre, ¬ser og kjenner meg, du prøver mitt huglag ¬mot deg. Skil dei ut som slaktesauer, og vigsla dei til offerdagen!

4. Kor lenge skal landet stura og alt som gror på marka, ¬turka bort? Fordi dei som bur i landet, ¬er vonde, skal både fugl og fe ¬gå til grunne. Folk seier: «Han ser ikkje korleis det går oss til slutt.»

5. Når du vert trøytt av å springa saman med folk til fots, korleis kan du då kappspringa ¬med hestar? Og er du trygg ¬berre i fredeleg land, kva har du då å gjera i den fine Jordan-skogen?

Heile landet er lagt i øyde

6. Brørne dine og farsætta di, jamvel dei er trulause mot deg; dei ropar etter deg av full hals. Du må ikkje eingong lita på dei når dei talar venleg til deg.

7. Eg har gått frå huset mitt og gjeve opp arven min. Henne som eg elska, har eg gjeve i fiendevald.

8. Mitt eige folk har vorte for meg som ei løve i tette skogen. Dei brøler mot meg; difor har eg uvilje mot dei.

9. Er folket mitt ein spreklet fugl som rovfuglar ¬samlar seg ikring? Lat alle villdyr i marka samlast, før dei hit, så dei kan eta!

10. Gjætarar i mengd ¬har herja min vingard og trakka ned mi odelsjord; dei har gjort mitt herlege land ¬til ei livlaus audn,

11. til ei sturande øydemark; uhyggjeleg audt ¬ligg det framføre meg. Heile landet er lagt i øyde, og ingen bryr seg om det.

12. Over alle dei snaue høgdene ¬i øydemarka kom herjande hopar. For Herren har eit sverd ¬som øyder frå eine enden av landet til hin, så ingen skapning finn fred.

Kva Gud vil gjera med Israels grannefolk

13. Dei sådde kveite ¬og haustar klunger, dei streva til inga nytte. Dei får berre skam av si avling fordi Herren ¬er brennande harm.

14. Så seier Herren om alle dei vonde grannefolka som rører det landet eg har gjeve Israel, folket mitt, til odel og eige: Eg rykkjer dei opp or jorda deira, og Juda-ætta rykkjer eg opp midt imellom dei.

15. Men sidan, etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei heim att, kvar til sin odel og sitt land.

16. Og lærer dei seg då å gjera som folket mitt, så dei sver ved mitt namn og seier: «Så sant Herren lever», liksom dei før lærte folket mitt å sverja ved Ba’al, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt.

17. Men vil dei ikkje høyra, då rykkjer eg opp det folket, rykkjer det opp og gjer ende på det, lyder ordet frå Herren.

»