Logo
🔍

Profeten Jeremia 19 N78NN

« Den knuste krukka i Hinnom-dalen

1. Så sa Herren: Gå til krusmakaren og kjøp ei krukke! Ta så med deg nokre av dei eldste i folket og av prestane

2. og gå ut i Hinnom-dalen, til inngangen til Krusbrot-porten! Der skal du forkynna dei orda eg talar til deg.

3. Du skal seia: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over denne staden at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det,

4. fordi dei gjekk bort frå meg og vanæra denne staden. Der brende dei offer for andre gudar, som korkje dei eller fedrane deira hadde kjent. Og Juda-kongane fylte denne staden med blod av skuldlause.

5. Dei bygde offerhaugar for Ba’al og brende sønene sine i elden som brennoffer for Ba’al. Det har eg ikkje bode eller sagt dei; det har aldri vore i mine tankar.

6. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7. På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

8. Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.

9. Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, og den eine skal eta kjøtet av den andre i den trengsle og naud som fiendane deira og dei som står dei etter livet, fører over dei.

10. Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg,

11. og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.

12. Såleis vil eg fara åt med denne staden og med dei som bur der, lyder ordet frå Herren; eg vil gjera denne byen lik Tofet.

Presten Pasjkur straffar Jeremia

13. Og husa i Jerusalem og husa åt Juda-kongane skal verta ureine som Tofet, alle dei husa der dei oppå taka har brent offer for heile himmelhæren og rent ut drikkoffer for andre gudar.

14. Då Jeremia kom att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å tala profetord, steig han fram i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket:

15. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No sender eg over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til, all den ulukka eg har truga med. For dei er stridlyndte og høyrer ikkje på mine ord.

»