Logo
🔍

Profeten Jeremia 2 N78NN

« Israels fråfall

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem: Så seier Herren: ¬Eg kjem i hug ¬din ungdoms truskap, din kjærleik i trulovingstida, då du fylgde meg i øydemarka, i eit land der ingen sår.

3. Heilagt var Israel for Herren, fyrstegrøda av hans avling. Alle som ville gløypa folket, ¬laut bøta, ulukke kom over dei, lyder ordet frå Herren.

4. Høyr Herrens ord, ¬du Jakobs ætt, alle ætter i Israels hus.

5. Så seier Herren: Kva gale fann fedrane dykkar ¬hjå meg, sidan dei gjekk bort frå meg og heldt seg til gudar ¬som ikkje duger, så dei vart duglause sjølve?

6. Dei spurde ikkje: «Kvar er Herren som førte oss opp frå Egypt og leidde oss ¬gjennom øydemarka, eit land med moar og kløfter, eit land med turk og mørker, eit land der folk ikkje ferdast og menneske ikkje bur?»

7. Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land, der de fekk nyta frukta ¬og grøda. Men då de kom dit inn, gjorde de landet mitt ureint og odelen min ¬til ein styggedom.

8. Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?» Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje. Hyrdingane fall frå meg, profetane spådde ved Ba’al og heldt seg ¬til gagnlause gudar.

9. Difor vil eg framleis føra klagemål mot dykk, lyder ordet frå Herren, ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar.

10. Far over til kittearøyane ¬og sjå, send bod til Kedar ¬og røk vel etter, ja, sjå om noko slikt har hendt!

11. Har noko folk bytt bort ¬sine gudar – endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk har bytt bort ¬si ære mot det som ikkje gagnar.

12. Reddast, du himmel, ja, skjelv av redsle over dette! lyder ordet frå Herren.

13. For to vonde ting ¬har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar ¬som ikkje held vatn.

14. Er Israel ein træl, er han ein heimefødd træl? Kvifor har han vorte røva?

15. Unge løver brølte mot han, høgt lét dei røysta si ljoma. Landet hans vart gjort ¬til ei audn, byane vart brende, ¬så ingen kan bu der.

16. Jamvel menn ¬frå Nof og Takpanhes har gjort deg skallet.

17. Er du ikkje sjølv skuld i dette fordi du gjekk bort ¬frå Herren din Gud den tid han førte deg på vegen?

18. Kva hjelper det vel ¬at du fer til Egypt og vil drikka vatn or Nilen? Kva hjelper det ¬at du fer til Assur og vil drikka vatn or Eufrat?

De har gjort opprør mot meg

19. Det er din eigen vondskap ¬som tuktar deg, ditt fråfall som fører til straff. Så må du då skjøna og sjå kor vondt og beiskt det er at du har gått bort ¬frå Herren din Gud og ikkje lenger har age for meg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

20. Frå fyrste stund ¬har du brote åket og slite sund lekkjene dine. Du sa: «Eg vil ikkje ¬tena deg lenger.» På alle høge haugar og under kvart grønt tre la du deg ned og dreiv utukt.

21. Eg planta deg ¬som eit edelt vintre, ei heilt igjennom ekte plante. Korleis har du då vorte omskapt til villskot, eit uekte vintre?

22. Om du vaskar deg i lut og øydslar med såpe, ser eg likevel di skitne skuld, lyder ordet frå Herren Gud.

23. Korleis kan du seia: «Eg er ikkje urein, eg har ikkje sprunge ¬etter Ba’al-gudane»? Sjå kva du dreiv med ¬nede i dalen, og skjøn kva du har gjort! Du liknar ei lettføtt ¬kamelhoppe som renner hit og dit,

24. eit villesel, kjent på steppa. Ho syp etter anden ¬i sin brunst; kven kan døyva hennar trå? Dei som leitar etter henne, treng aldri springa seg trøytte; i paringstida ¬finn dei henne lett.

25. Lat ikkje foten din verta berr, og spar strupen din for torste! Men du svarar: «Nei, det er nyttelaust, for eg elskar dei framande, ¬dei vil eg fylgja.»

26. Som ein tjuv må skjemmast ¬når han vert gripen, såleis skal israelittane ¬skjemmast, både dei sjølve ¬og kongane deira, hovdingane, prestane ¬og profetane deira.

27. Dei seier til treet: ¬«Du er far min,» og til steinen: ¬«Du har født meg.» Dei snur ryggen til meg ¬og ikkje andletet; men når ulukka kjem, seier dei: «Reis deg og hjelp oss!»

28. Kvar er då gudane ¬som du laga deg? Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem! For du har like mange gudar som du har byar, Juda.

29. Kvifor ligg de i strid med meg? De har alle gjort opprør ¬mot meg, lyder ordet frå Herren.

30. Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar; dei lét seg ikkje aga. Som ei herjande løve tynte dykkar sverd profetane.

31. De som høyrer denne ætta til, akta på Herrens ord! Har eg vore ¬som ei øydemark for Israel eller som eit kolmørkt land? Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil, vi kjem aldri meir til deg»?

32. Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnad eller ei brur sitt belte? Men mitt folk har gløymt meg i uminnelege tider.

33. Kor vel du veit å finna vegen når du trår etter elskhug! Difor har du òg lært deg å gå på vonde vegar.

34. Ja, på kappesnippane ¬har du blod av skuldlause fattigfolk, som du ikkje har gripe ¬i innbrot.

35. Likevel seier du: «Eg er skuldlaus, vreiden hans ¬har vendt seg frå meg.» No stemner eg deg for retten, for du seier: ¬«Eg har ikkje synda.»

36. Å, kor lett du tek det med å velja ein annan veg! Men Egypt kjem òg til å verta ¬eit vonbrot for deg, like eins som Assur vart det.

37. Jamvel derifrå må du gå med hendene over hovudet. For Herren har vraka dei du set di lit til. Du får inga nytte av dei.

»