Profeten Jeremia 21 N78NN
1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren då kong Sidkia sende til han Pasjkur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Ma’aseja. Dei sa:
2. «Spør Herren til råds for oss! For Nebukadnesar, kongen i Babylonia, strider imot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under, som han så ofte har gjort, så fienden fer sin veg.»
3. Jeremia svara dei: De skal seia til Sidkia:
4. Så seier Herren, Israels Gud: Når de strider utanfor muren mot babylonarkongen og kaldearane som kringset dykk, driv eg dykk attende, og dei krigsvåpna de brukar, samlar eg midt i denne byen.
5. Sjølv vil eg strida mot dykk med utrett hand og sterk arm, i vreide, harme og stor uvilje.
6. Eg vil slå i hel dei som bur her i byen, både folk og fe; i ein hard pest skal dei døy.
7. Og sidan, lyder ordet frå Herren, gjev eg Juda-kongen Sidkia og mennene hans og folket – dei som er att her i byen etter pesten, sverdet og svolten – i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Med kvasse sverd skal dei hogga dei ned utan medkjensle, medynk eller miskunn.
8. Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.
9. Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som går ut og gjev seg over til kaldearane, som kringset dykk, skal koma frå det og berga livet.
No kjem eg mot deg10. For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han.
11. Om kongehuset i Juda.
12. Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt! Så seier Herren: Døm rettferdig kvar morgon, fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand. Elles skal harmen min ¬loga som eld og brenna ¬utan at nokon sløkkjer for alt det vonde de har gjort.
13. No kjem eg mot deg, du by som tronar over dalen, du berg på sletta, lyder ordet frå Herren. De seier: «Kven kan koma ned mot oss og trengja inn i våre ¬bustader?»
14. Men eg vil straffa dykk, det er frukta ¬av dykkar gjerningar, lyder ordet frå Herren. Eg set eld på skogen i byen, og han skal øyda alt ikring.