Logo
🔍

Profeten Jeremia 22 N78NN

« Domsord til kongehuset

1. Så sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus! Der skal du tala dette ordet:

2. Høyr Herrens ord, du Juda-konge, som sit på Davids kongsstol, både du og mennene dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3. Så seier Herren: Gjer rett og rettferd! Fri den som er rana, or valdsmannens hand; ver ikkje harde med innflyttarar, farlause og enkjer, og bruk ikkje vald mot dei; renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!

4. Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og mennene deira og folket deira.

5. Men vil de ikkje lyda desse orda, skal huset leggjast i røys; det sver eg ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren.

6. For så seier Herren om kongehuset i Juda: Du var for meg som Gilead, som toppen av Libanon. Men eg gjer deg sanneleg ¬til ei øydemark, lik byar der ingen bur.

7. Til krig imot deg ¬vigslar eg menn som herjar, ¬kvar med sitt våpen. Dei skal fella ¬dine gjævaste sedrar og kasta dei på elden.

8. Når folk frå mange land fer framom byen, skal dei spørja kvarandre: «Kvifor har Herren fare såleis åt med denne store byen?»

Ve kong Sjallum!

9. Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud og tilbad og dyrka andre gudar.»

10. Gråt ikkje over den døde, ver ikkje med og syrg ¬over han! Gråt heller over han ¬som fór bort, for han skal ikkje koma att, han får aldri meir ¬sjå sitt fødeland.

11. For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin: Han som fór bort ¬frå denne staden, skal aldri koma att.

Ve kong Jojakim!

12. For han skal døy på den staden dei førte han bort til ¬som fange; og dette landet ¬skal han aldri meir få sjå.

13. Ve han som byggjer sitt hus ¬med urett, sine høgsalar med urettferd, han som lèt sin landsmann ¬træla for inkje og ikkje gjev han ¬den løn han skal ha.

14. Han seier: «Eg vil byggja eit romsleg hus med luftige salar ¬i øvste høgda.» Så høgg han ut vindaugo, kler huset med sedertre ¬og målar det raudt.

15. Er det såleis du viser deg ¬som konge at du brikjer med sedertre? Far din òg hadde mat ¬og drikke, men samstundes gjorde han ¬rett og rettferd, og då gjekk det han vel.

16. Han hjelpte armingar og fattigfolk til deira rett ¬– og det gjekk han vel. Er ikkje det å kjenna meg? lyder ordet frå Herren.

17. Men du har ikkje syn og sans for anna enn eiga vinning. Du renner ut blodet ¬åt skuldlause, du fer med vald og ¬mishandling.

18. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia: Ingen skal syrgja over han ¬og seia: «Å ve, bror min! ¬Å ve, syster mi!» Dei skal ikkje klaga over han ¬og seia: «Å ve, herre! Å ve, majestet!»

Jerusalems ulukke

19. Han skal få gravferd ¬som eit esel; dei skal slepa han bort og slengja han frå seg langt utanfor Jerusalems portar.

20. Stig opp på Libanon og rop, lat røysta di ljoma i Basan, skrik ut frå Abarim-fjella, for alle dine elskarar er knuste.

21. Eg tala til deg då du var trygg, men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.» Det var di vis frå din ungdom at du ikkje ville lyda meg.

22. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar, dine elskarar skal førast bort ¬som fangar. Då vert du til spott og skam for alt det vonde du har gjort.

Ve kong Jojakin!

23. Du som held til på Libanon og har ditt reir i sedertrea, kor du skal stynja ¬når riene kjem over deg, når du vert gripen av angst ¬som ei fødande kvinne.

24. Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Om Juda-kongen Konja, son til Jojakim, var ein seglring på mi høgre hand, ville eg riva han av.

25. Eg gjev deg over til dei som står deg etter livet, og som du gruar for, til babylonarkongen Nebukadnesar og kaldearane.

26. Både deg og mor di som fødde deg, kastar eg bort til eit anna land, der de ikkje er fødde, og der skal de døy.

27. Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma attende til.

28. Er då denne mannen Konja eit vanvørdt kjerald ¬som skal knusast, ein reiskap ¬som ingen bryr seg om? Kvifor er han og hans ætt ¬kasta langt av stad, slengde bort til eit land ¬dei ikkje kjenner?

29. Land, land, land, ¬høyr Herrens ord!

30. Så seier Herren: Skriv denne mannen opp ¬som barnlaus, ein mann som ikkje har hatt ¬hell i livet. Ingen av hans ætt ¬skal få den lukka å sitja på Davids kongsstol og atter råda over Juda.

»