Logo
🔍

Profeten Jeremia 3 N78NN

« Landet er vanhelga

1. Når ein mann sender frå seg kona si, og ho går bort ¬og gifter seg med ein annan, kan han då koma til henne att? Ville ikkje landet reint ¬verta vanhelga? Og så skulle du som har drive utukt ¬med mange menn, koma att til meg! seier Herren.

2. Lyft augo til dei ¬snaue høgdene og sjå! Finst det ein stad ¬der du ikkje lét deg ta? Frammed vegane sat du ¬og venta på elskarar som ein arabar i øydemarka. Du vanhelga landet ¬med utukt og vondskap.

3. Difor kom ikkje regnskurene, og det regnde ikkje om våren. Du hadde ei mine ¬som ei horkvinne, du ville ikkje skjemmast.

4. Likevel ropa du nyleg til meg: «Min far, ¬du er min ungdomsven.

Vend om, du fråfalne!

5. Vil han vera evig vreid og alltid gøyma på harme?» Såleis tala du, men det du gjorde, var vondt, og det til gagns.

6. Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der.

7. Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om. Det såg den trulause systera hennar, Juda.

8. Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg.

9. Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre.

10. Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren.

11. Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, har mindre skuld enn den trulause, Juda.

12. Gå og rop ut desse orda mot nord: Vend om, du fråfalne Israel! lyder ordet frå Herren. Eg ser ikkje lenger på deg ¬med harme, for eg er miskunnsam, lyder ordet frå Herren, eg vil ikkje evig vera vreid.

Samlinga på Sion

13. Berre vedgå di skuld, at du har gjort opprør ¬mot Herren din Gud. Du fór ikring ¬etter framande gudar – under kvart grønt tre, du høyrde ikkje på meg, lyder ordet frå Herren.

14. Vend om, de fråfalne søner! lyder ordet frå Herren. For eg er herren dykkar. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei ætt, og føra dykk til Sion.

15. Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn.

16. Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste.

17. På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta.

Israel sannar si synd

18. I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige.

19. Eg sa: Kor høgt eg ville ¬setja deg mellom søner! Eg ville gje deg eit herleg land, den fagraste arv mellom folka. Eg tenkte de ville kalla meg far og aldri venda dykk ¬bort frå meg.

20. Men liksom ei kvinne ¬er trulaus mot venen sin, var du trulaus mot meg, ¬du Israels ætt, lyder ordet frå Herren.

21. Høyr, det lyder gråt ¬på dei snaue høgdene, audmjuke bøner ¬frå Israels-folket; for dei har gått på vonde vegar, dei har gløymt Herren sin Gud.

22. Snu om, de fråfalne søner, så skal eg lækja dykkar fråfall. «Sjå her, vi kjem til deg, for du er Herren vår Gud.

23. Det er lygn og svik, ¬det som hender på haugane, det ville ståket på fjella. Sanneleg, ¬berre hjå Herren vår Gud er det frelse for Israel.

24. Heilt frå vår ungdom har Skamma ete opp det fedrane våre sleit i hop, sauene og oksane deira, ja, sønene og døtrene med.

25. Så lat oss liggja i vår skam, lat vanæra breia seg over oss! For vi har synda ¬mot Herren vår Gud, både vi og våre fedrar, frå vår ungdom til denne dag; vi har vore ulydige ¬mot Herren vår Gud.»

»