Profeten Jeremia 30 N78NN
1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2. Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ei bok alle dei orda eg har tala til deg!
3. For dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vender lagnaden for folket mitt, Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan få det att.
4. Dette er dei orda som Herren har tala om Israel og Juda:
5. Så seier Herren: Vi høyrer eit rop av angst, det er redsle som rår, ¬og ingen fred.
6. Berre spør deg føre og sjå om ein mann kan føda born! Kvifor ser eg då at alle menn held hendene på hoftene lik kvinner som skal føda, at kvart andlet ¬er omskift og bleikt?
7. Ja, stor er den dagen, han har ikkje sin like. Det vert ei trengselstid ¬for Jakob, men han skal koma ¬vel igjennom.
8. Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud, at eg bryt åket på nakken deira og slit lekkjene deira sund; dei skal ikkje træla ¬for framande lenger.
9. Men dei skal tena ¬Herren sin Gud og David, kongen sin, som eg vil reisa opp ¬mellom dei.
10. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, miss ikkje motet, Israel! lyder ordet frå Herren. For eg bergar deg ¬frå land langt borte, og di ætt frå landet ¬der ho er i fangenskap. Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt, og ingen skal skræma han.
11. For eg er med deg, ¬seier Herren, og vil frelsa deg. Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslag som eg har spreitt ¬deg imellom; men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med måte, men reint utan straff kan eg ikkje la deg vera.
12. Så seier Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.
13. Ingen fører di sak. Det er ikkje lækjedom ¬for ditt verkjesår, skinnet vil ikkje gro på det.
14. Alle dine elskarar ¬har gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. Som ein fiende har eg ¬slege deg, nådelaust har eg tukta deg; for skulda di var stor og syndene dine mange.
15. Kvifor klagar du ¬over skaden din, over di liding ¬som ikkje kan lindrast? Fordi skulda di er stor og syndene dine mange, har eg gjort deg dette.
16. Men alle som slukte deg, dei skal sjølve verta slukte, alle dine fiendar ¬må fara i fangenskap. Og dei som plyndra deg, skal sjølve verta plyndra; alle som rana deg, gjev eg til rov.
17. Eg lèt såra dine gro og lækjer dei slag du har fått, ¬seier Herren, du som vart kalla ¬den bortstøytte, Sion, som ingen ¬spurde etter meir.
18. Så seier Herren: Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs telt og miskunna meg ¬over hans bustader. Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug, kvar borg skal stå ¬på sin rette stad.
19. Frå dei skal lovsongen stiga, og lyden av folk ¬som skjemtar og ler. Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka, eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast.
20. Jakobs søner skal vera så som dei var i gamal tid, deira lyd skal stå støtt ¬for mitt åsyn. Eg vil straffa alle som plaga dei.
21. Deira hovding skal vera ¬ein av deira eigne, deira drott skal gå ut ¬frå dei sjølve. Eg lèt han koma ¬og stiga fram for meg. For kven vil elles våga livet og koma meg nær? ¬seier Herren.
22. Og så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.
23. No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver, ein rykande storm fer av stad, han kjem i kvervlar ¬mot hovuda ¬på dei gudlause.
24. Herrens brennande vreide ¬legg seg ikkje før han har sett i verk ¬og fullført det han hadde tenkt å gjera. Til sist, i dagar som kjem, skal de skjøna dette.