Logo
🔍

Profeten Jeremia 31 N11NN

«

1. På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

Endå ein gong vil eg byggja deg

2. Så seier Herren: Det folket som slapp unna sverdet, har funne nåde i ørkenen. Israel skal dra av stad og finna ro.

3. Frå det fjerne synte Herren seg for meg: Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel, difor har eg heile tida vist deg miskunn.

4. Endå ein gong vil eg byggja deg, du skal byggjast opp att. Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommene og gå ut i latter og dans.

5. Endå ein gong skal du planta vinmarker på fjella i Samaria, og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.

6. Ja, det kjem ein dag då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet: Kom, lat oss dra opp til Sion, til Herren vår Gud!

7. Så seier Herren: Bryt ut i jubel og glede for Jakob, rop høgt for det fremste av folkeslag! Lat lovsong lyda, og sei: «Herre, frels ditt folk, Israels rest!»

8. Sjå, eg fører dei tilbake frå landet i nord, eg samlar dei frå ytste enden av jorda. Mellom dei er både blinde og halte, gravide og fødande kvinner; dei vender attende i store flokkar.

9. Dei kjem med gråt, eg leier dei med trøyst. Eg fører dei til rennande bekker, på jamn veg der dei ikkje snublar. For eg er ein far for Israel, og Efraim er min førstefødde son.

10. Høyr Herrens ord, de folkeslag! Forkynn det til fjerne kystar og sei: Han som spreidde Israel, skal samla og vakta det som ein gjetar vaktar sin flokk.

11. For Herren har fria Jakob ut og kjøpt han fri frå hender som er sterkare enn hans.

12. Dei skal koma og jubla på Sion-høgda, stråla av glede over Herrens gode gåver: korn og ny vin og fin olje, sauer og oksar. Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage, dei skal ikkje lenger lida naud.

13. Då skal jomfrua gleda seg i dansen, unge menn saman med dei gamle. Eg vender sorg til fryd for dei, trøystar og gleder dei som klagar.

14. Eg gjev prestane rikeleg med feitt og mettar mitt folk med gode gåver, seier Herren.

15. Så seier Herren: I Rama høyrest skrik, klagesong og bitter gråt. Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For borna hennar er ikkje meir.

16. Så seier Herren: Gråt ikkje så høgt, fell ikkje tårer! Du skal få løn for strevet, seier Herren, dei skal venda heim frå fiendeland.

17. Det er von for etterkomarane dine, seier Herren, borna skal venda heim til sitt eige land.

18. Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv: Du har tukta meg, eg vart tukta som ein utamd kalv. Vend meg om, så eg kan venda heim! For du er Herren min Gud.

19. Då eg hadde vendt meg bort, angra eg, og då eg fekk innsikt, slo eg meg på låret. Skam og vanære må eg bera for min ungdoms spott.

Kom heim att

20. Er Efraim min dyrebare son, er han mitt kjæraste barn? Kvar gong eg talar imot han, må eg likevel tenkja på han. Difor skjelv mitt indre for han, eg må visa miskunn mot han, seier Herren.

21. Reis merkesteinar, set opp vegmerke! Legg nøye merke til den vegen du gjekk! Vend attende, jomfru Israel, attende til desse byane dine!

22. Kor lenge vil du snu deg hit og dit, du fråfalne dotter? No skaper Herren noko nytt i landet, ei kvinne skal verja ein mann.

23. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: «Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24. Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin.

25. Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.

26. Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.

27. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus.

28. Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.

29. På den tid skal dei ikkje lenger seia: Fedrane åt sure druer, og borna fekk dårlege tenner.

Ei ny pakt

30. Men kvar skal døy for si eiga synd. Den som et sure druer, skal sjølv få dårlege tenner.

31. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,

32. ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt; den pakta braut dei, endå eg var herren deira, seier Herren.

33. Men dette er pakta eg vil gjera med Israels hus i dagar som kjem, seier Herren: Eg legg mi lov i sinnet deira og skriv henne i hjartet deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

34. Då skal ingen lenger undervisa sin neste og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren. For eg vil tilgje skulda deira og ikkje lenger hugsa synda.

35. Så seier Herren, han som sette sola til å lysa om dagen og baud månen og stjernene å lysa om natta, han som rører opp havet så bølgjene drønnar, Herren over hærskarane er hans namn:

36. Lèt eg desse skipnadene vika, seier Herren, då skal òg Israels ætt for alltid halda opp med å vera eit folk for mitt andlet.

37. Så seier Herren: Om himmelen der oppe kan målast og grunnvollane på jorda der nede granskast, då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt for alt det dei har gjort, seier Herren.

38. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.

39. Målesnora skal gå vidare beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa.

40. Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera heilag for Herren. Aldri meir skal byen rivast ned eller knusast.

»