Logo
🔍

Profeten Jeremia 34 N11NN

« Profeti om Sidkias fangenskap og død

1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren den gong kong Nebukadnesar av Babel og heile hæren hans og alle kongerike på jord under hans herredøme og alle folk førte krig mot Jerusalem og alle byane hennar:

2. Så seier Herren, Israels Gud: Gå og sei til kong Sidkia av Juda, du skal seia til han: Så seier Herren: Sjå, no gjev eg denne byen over i hendene på kongen av Babel, og han skal brenna han ned.

3. Du skal ikkje sleppa unna han, men bli gripen og gjeven over i hans hender. Auga dine må sjå kongen av Babel i auga, og han skal snakka med deg andlet til andlet. Til Babel skal du koma.

4. Men høyr no Herrens ord, Sidkia, du som er konge i Juda! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje døy for sverd,

5. i fred skal du døy. Og slik dei kveikte eld til ære for fedrane dine som var kongar før deg, skal dei òg kveikja eld til ære for deg. Dei skal halda sørgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er ordet eg har tala, seier Herren.

6. Alt dette tala profeten Jeremia til kong Sidkia av Juda i Jerusalem

Frigjevingspakta

7. medan hæren til kongen av Babel gjekk til åtak på Jerusalem og alle byane som var att i Juda, Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.

8. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ei pakt med alt folket i Jerusalem om å ropa ut fridom.

9. Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.

10. Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.

11. Men sidan snudde dei om, dei tok tilbake slavane som dei hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren:

13. Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå slavehuset:

14. «Kvart sjuande år skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har måtta selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du setja han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyret til.

15. Nyleg vende de om og gjorde det som rett er i mine auge, de ropa ut fridom for nesten og gjorde ei pakt for mitt andlet i det huset som namnet mitt er nemnt over.

16. Men så snudde de om og vanæra mitt namn, de tok tilbake slavane de hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.

17. Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og ropa ut fridom for neste og bror, skal eg no ropa ut fridom for dykk, seier Herren: fridom til sverd og pest og svolt. Eg skal gjera dykk til redsle for alle rike på jord.

18. Dei som braut pakta mi og ikkje heldt orda i den pakta dei gjorde for mitt andlet, med dei skal eg gjera som med den kalven dei skar i to så dei kunne gå mellom stykka.

19. Leiarane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven,

20. gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet. Lika av dei skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka.

21. Kong Sidkia av Juda og leiarane hans gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet, hæren til kongen av Babel, som no har drege bort frå dykk.

22. Sjå, eg gjev mitt påbod, seier Herren, og fører dei tilbake til denne byen. Dei skal gå til åtak på han, ta han og brenna han opp. Og byane i Juda gjer eg til ørken der ingen kan bu.

»