Logo
🔍

Profeten Jeremia 38 N78NN

« Dei kastar Jeremia i brunnen

1. Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjkur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjkur, son til Malkia, høyrde dei orda som Jeremia tala til alt folket:

2. Så seier Herren: Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få livet til hærfang og leva vidare.

3. Så seier Herren: Denne byen skal koma i hendene på babylonarkongens hær, som skal ta han.

4. Då sa stormennene til kongen: «Denne mannen må døy; for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar såleis til dei. For han vil ikkje det som gagnar dette folket, men det som skader.»

5. Kong Sidkia svara: «De får gjera med han som de vil. For kongen har inga makt over dykk.»

6. Då tok dei Jeremia og kasta han i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden. Dei firte han ned med tog. Det var ikkje vatn i brunnen, men gjørme, som han sokk ned i.

7. Ebed-Melek frå Nubia, ein hoffmann som tente i kongsgarden, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brunnen. Kongen sat då attmed Benjamins-porten.

8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:

9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brunnen, og der kjem han til å døy av svolt; for det finst ikkje meir brød i byen.»

10. Då sa kongen til nubiaren Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå, og dra profeten Jeremia opp or brunnen før han døyr.»

11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog.

12. Så sa han: «Ta no desse fillene kring toga og legg dei under armane.» Jeremia gjorde det,

Siste samtalen mellom Jeremia og Sidkia

13. og så drog dei han opp med toga og fekk han ut or brunnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.

14. Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og tok imot han ved den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til han: «Eg har eit spørsmål til deg. No må du ikkje løyna noko for meg.»

15. Jeremia svara: «Talar eg rett ut, vil du vel drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.»

16. Då sa kong Sidkia i løynd til Jeremia og svor: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss livet: Eg vil ikkje drepa deg og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»

17. Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til babylonarkongens hovdingar, skal du berga livet, og byen skal ikkje brennast. Både du og ditt hus skal få leva.

18. Men gjev du deg ikkje over til hovdingane, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa frå dei.»

19. Kongen sa då til Jeremia: «Eg er redd for at dei judearane som har gått over til kaldearane, skal gje meg over til dei, og at dei skal fara stygt åt med meg.»

20. Jeremia svara: «Det skal ikkje henda. Lyd berre Herrens ord som eg forkynner deg, så skal det gå deg vel, og du skal få leva.

21. Men nektar du å gje deg over, så høyr kva Herren har synt meg:

22. Alle kvinnene som var att i Juda-kongens slott, vart førte ut til hovdingane åt babylonarkongen, medan dei song: Dine beste vener lokka deg og fekk deg i si makt. Då føtene dine sokk ¬ned i gjørma, drog venene seg unna.

23. Alle konene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men babylonarkongen skal ta deg til fange, og byen skal brennast.»

24. Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen; elles skal du døy.

25. Når stormennene får høyra at eg har tala med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen, og kva kongen sa til deg. Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg!

26. Men då skal du svara dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongen. Eg bad om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus, så eg skulle døy der.»

27. Då alle stormennene kom til Jeremia og spurde han ut, svara han dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred; for saka hadde ikkje vorte kjend.

28. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.

»