Logo
🔍

Profeten Jeremia 4 N11NN

« Bryt dykk nybrot

1. Om du kjem tilbake, Israel, seier Herren, om du kjem tilbake til meg, om du fjernar dei motbydelege gudane dine frå meg og ikkje flakkar ikring,

2. om du sver «så sant Herren lever» i sanning, rett og rettferd, då skal folkeslaga velsigna seg ved han, ved han skal dei prisa seg lukkelege.

3. Så seier Herren til judearane og til Jerusalem: Bryt dykk nybrot, ikkje så mellom klunger!

Ulukka frå nord

4. Omskjer dykk for Herren, ta bort forhuda frå hjartet dykkar, de judearar og de som bur i Jerusalem, elles skal harmen min bryta ut som eld og brenna utan at nokon sløkkjer, for det vonde de har gjort.

5. Kunngjer dette i Juda, lat det høyrast i Jerusalem, blås i horn i landet, rop høgt og sei: Samla dykk! Lat oss gå inn i festningsbyane!

6. Lyft banneret! Til Sion! Berg dykk, bli ikkje ståande! For eg sender ei ulukke frå nord, eit stort samanbrot.

7. Ei løve stig opp frå krattet. Ein som øydelegg folkeslag, bryt opp og dreg ut frå sin stad for å leggja landet ditt audt. Byane dine skal bli til ruinar der ingen kan bu.

8. Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik! For Herrens brennande vreide har ikkje vendt seg frå oss.

9. Den dagen, seier Herren, skal kongen og leiarane mista alt mot. Prestane blir slegne av skrekk, profetane blir mållause av redsle.

10. Eg sa: Å, min Herre og Gud! Sanneleg, du svikta dette folket og Jerusalem då du sa: «De skal ha fred.» No rører sverdet ved strupen.

11. På den tida skal det seiast til dette folket og til Jerusalem: Vind som brenn av hete, kjem frå snaue høgder i ørkenen mot folket, mi dotter. Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,

12. ein sterkare vind kjem til meg. No vil eg òg seia dom over dei.

13. Sjå, som skyer dreg han fram, som stormen er vognene hans, hestane er raskare enn ørnar. Ve oss, for vi blir øydelagde!

14. Reins hjartet ditt for vondskap, Jerusalem, så skal du bli frelst. Kor lenge skal du la vonde tankar få bu i ditt indre?

15. For ei røyst kjem med bod frå Dan, forkynner ulukke frå Efraim-fjella.

16. Sei frå til folkeslaga: Der er dei! Lat det høyrast over Jerusalem! Fiendar kjem frå fjerne land, ropet deira lyder over byane i Juda.

17. Som vakter på åkeren kringset dei henne, for ho har sett seg opp mot meg, seier Herren.

Eg såg

18. Din veg og dine gjerningar har ført dette over deg. Slik er din vondskap, han er bitter, og han råkar deg i hjartet.

19. Å, kroppen min, kroppen min! Eg vrid meg i smerte. Veggene i hjartet mitt! Hjartet mitt skrik, eg kan ikkje teia. Eg høyrer lyden av horn og hærrop.

20. Det blir ropa om samanbrot på samanbrot, heile landet er øydelagt. Brått blir telta mine øydelagde, teltdukane på ein augneblink.

21. Kor lenge skal eg sjå banneret og høyra lyden av horn?

22. Ja, folket mitt er dårar, dei kjenner meg ikkje. Dei er tåpelege born utan innsikt. Dei er flinke til å gjera vondt, men kan ikkje gjera godt.

23. Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom, mot himmelen – lyset var borte.

24. Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv, alle haugane riste.

25. Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske, alle fuglane under himmelen var flogne.

Herrens plan

26. Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken, alle byar var nedrivne av Herren, av hans brennande vreide.

27. Så seier Herren: Heile landet skal leggjast audt, men eg skal ikkje gjera ende på det.

28. Jorda sørgjer over dette, og himmelen mørknar over henne. For eg har tala og lagt min plan, eg angrar ikkje og tek han ikkje tilbake.

Ropet frå dotter Sion

29. Heile byen flyktar for ståket av ryttarar og bogeskyttarar. Dei går inn i krattskogen og klatrar opp på knausane. Kvar by er forlaten, det er ingen som bur i dei.

30. Du som er øydelagd, kva vil du gjera? Om du kler deg i skarlak, om du pyntar deg med gullsmykke, om du gjer auga store med sminke, gjer du deg vakker til fånyttes. Dei som lengta etter deg, har forkasta deg, no står dei deg etter livet.

31. Eg høyrer rop som frå ei kvinne med rier, eit skrik som når ho føder for første gong. Det er ropet frå dotter Sion, ho gispar etter luft og strekkjer hendene ut: «Ve meg, eg fell om framfor mordarar!»

»