Profeten Jeremia 41 N78NN
1. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, med ti mann til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa. Ismael høyrde kongsætta til og var ein av kongens offiserar. Medan dei sat der og åt saman,
2. fór Ismael, son til Netanja, opp saman med dei ti mennene som var med han, og hogg Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, ned med sverd. Dei drap han som babylonarkongen hadde sett til å styra landet,
3. alle judearane som var hjå Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der, alle krigarane.
4. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,
5. kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka av seg skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp i huda. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.
6. Då gjekk Ismael, son til Netanja, imot dei frå Mispa. Han kom gråtande bortetter vegen, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og ver med til Gedalja, son til Ahikam!»
7. Då dei var komne inn i byen, tok Ismael, son til Netanja, og dei mennene han hadde med seg, og slo dei i hel og kasta dei i ein brunn.
8. Men mellom dei var det ti menn som sa til Ismael: «Ikkje drep oss! Vi har mat gøymd ute på marka: kveite, bygg, olje og honning.» Då lét han dei vera og drap dei ikkje saman med dei andre.
9. Den brunnen som Ismael kasta lika av alle dei drepne i, var den store cisterna som kong Asa hadde laga då han låg i strid med Basja, kongen i Israel. Den fylte Ismael, son til Netanja, med drepne.
10. Sidan førte Ismael, son til Netanja, resten av folket i Mispa i fangenskap. Han førte bort både kongsdøtrene og alle dei andre som var att i Mispa, dei som Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til styresmann over. Så gav Ismael seg i veg, ville fara over til ammonittane.
11. Då Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, høyrde om alt det vonde Ismael, son til Netanja, hadde gjort,
12. tok dei med seg alle mennene sine og drog ut og ville strida mot han. Dei møtte han attmed den store dammen i Gibeon.
13. Då alt folket som var med Ismael, fekk sjå Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, vart dei glade.
14. Alle dei som Ismael hadde ført bort frå Mispa, snudde og gjekk attende til Johanan, son til Kareah.
15. Ismael kom seg unna med åtte mann. Han slapp frå Johanan og kom seg over til ammonittane.
16. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, tok då med seg resten av folket som Ismael, son til Netanja, hadde ført frå Mispa etter drapet på Gedalja, son til Ahikam: menn, krigarar, kvinner, born og hoffmenn, og han førte dei attende frå Gibeon.
17. Dei fór av stad og tok inn i Kimham-herberget ved Betlehem. Derifrå ville dei fara til Egypt,
18. bort frå kaldearane. Dei var redde dei, fordi Ismael, son til Netanja, hadde drepe Gedalja, son til Ahikam, som babylonarkongen hadde sett til å styra i landet.