Logo
🔍

Profeten Jeremia 45 N11NN

« Herrens ord til Baruk

1. Ordet som profeten Jeremia sa til Baruk, son til Neria, då han skreiv ned i ein bokrull dei orda som Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

2. Så seier Herren, Israels Gud, om deg, Baruk:

3. Du seier: «Ve meg! Herren har lagt ny sorg til mi smerte. No er eg trøytt av å klaga, eg finn ikkje kvile.»

4. Dette skal du seia til han: Så seier Herren: Det eg har bygd, det vil eg knusa, og det eg har planta, det rykkjer eg opp; slik skal det vera på heile jorda.

5. Og du ventar deg store ting. Ikkje gjer det! For sjå, no sender eg ulukke over alt som lever, seier Herren. Men deg gjev eg livet som krigsbytte alle stader der du går.

»