Profeten Jeremia 45 N78NN
1. Dette er det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk, son til Neria, då han skreiv opp i ei bok dei orda Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda.
2. Så seier Herren, Israels Gud, om deg, Baruk:
3. Du seier: «Ve meg! Herren har lagt nye suter ¬til mi plage. No er eg trøytt av å stynja, eg finn ikkje kvile.»
4. Så skal du tala til han: Så seier Herren: Det eg har bygt, det riv eg ned, og det eg har planta, ¬det rykkjer eg opp; så skal det vera på heile jorda.
5. Du trår etter store ting. Men gjer ikkje det! For sjå, no sender eg ulukke over alt som lever, ¬seier Herren. Men eg lèt deg berga livet alle stader der du ferdast.