Logo
🔍

Profeten Jeremia 46 N78NN

« Egyptarane skal lida nederlag

1. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om dei andre folka.

2. Om Egypt. Mot hæren åt farao Neko, egyptarkongen, som stod ved Karkemisj bortmed Eufrat, og som vart slegen av Nebukadnesar, babylonarkongen, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

3. Gjer skjold og verje i stand og rykk ut til strid!

4. Sel på, stig til hest, de ryttarar, fylka dykk ¬med hjelm på hovudet, gjer spyda blanke, ¬ta brynjene på!

5. Men kva er det eg ser? Kvifor vik dei tilbake i redsle? Deira krigarar vert slegne, dei rømer utan å sjå seg om. Rundt ikring rår redsle, lyder ordet frå Herren.

6. Den lettføtte kan ikkje røma, og krigaren slepp ikkje unna. Der nord, ved Eufrat-bredda, der snåvar dei og fell.

7. Kven er det som stig lik Nilen, lik elvar som fløymer ¬i brusande straum?

8. Det er Egypt som stig lik Nilen, lik elvar som fløymer ¬i brusande straum. Folket sa: «Eg vil stiga og breia meg ut over jorda, gjera ende på byar ¬og dei som bur der.

9. Fram, de hestar! ¬Av stad, de vogner! Rykk ut, de krigarar, de frå Kusj og Put ¬som ber skjold, og de frå Lud ¬som spenner bogen!»

10. Dette er ein hemnens dag for Herren Gud, Allhærs Gud, då han tek hemn ¬over sine motstandarar. Sverdet skal eta seg mett og drikka seg utyrst av blod. For Herren Gud, Allhærs Gud, held ei offerslakting i landet der nord ved Eufrat.

11. Far opp til Gilead ¬og få deg balsam, Egyptarland, du unge møy! Om du brukar ¬mange lækjeråder, er det inga hjelp i det; såret ditt vil ikkje gro.

Nebukadnesar går til strid mot Egypt

12. Folkeslag høyrer om di skam, ditt klagerop fyller jorda. Den eine krigaren ¬stuper over hin, og saman fell dei begge.

13. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt, rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes! Sei: Stig fram og gjer deg klar! For sverdet øyder ¬rundt ikring deg.

15. Kvifor er din sterke okse ¬slegen ned, kvifor kunne han ikkje stå seg? Herren har støytt han ned.

16. Han får mange til å snåva, den eine fell over hin. Dei seier: ¬«Kom, lat oss fara heim att til vårt folk og fedreland, bort frå det herjande sverdet!»

17. Dei skal kalla egyptarkongen ¬farao «bråkmakaren som ikkje akta ¬på tida».

18. Så sant eg lever, seier Kongen – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn: Som Tabor mellom fjella, som Karmel utmed havet er han som skal koma.

19. Stell til det du skal ha med når du må bort frå landet, du folk som bur i Egypt. For Nof skal verta ei audn, leggjast i øyde, ¬så ingen kan bu der.

20. Ei staseleg kvige er Egypt, men ein klegg frå nord ¬slår seg ned på henne.

21. Dei leigde stridsmenn i landet – som gjøkalvar er dei, dei snur om og rømer i lag; dei kan ikkje stå seg. For ulukkedagen er komen for dei, tida då dei må gjera rekneskap.

22. Høyr, ho frøser som ein orm, for dei fer fram med ein hær. Med øksar kjem dei mot henne lik folk som høgg ved.

23. Hogg skogen ned! ¬seier Herren, han har vorte for tett. Dei er fleire enn grashopper, tallause er dei.

24. Egyptarane vert til skammar, overgjevne til folket i nord.

25. Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, seier: No vil eg heimsøkja Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.

26. Eg gjev dei i hendene på folk som står dei etter livet, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar og mennene hans. Men sidan skal dei byggja og bu i landet som i gamle dagar, lyder ordet frå Herren.

27. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, miss ikkje motet, Israel! For eg bergar deg ¬frå land langt borte, ætta di frå landet ¬der ho er i fangenskap. Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt, og ingen skal skræma han.

28. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, for eg er med deg, ¬seier Herren. Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslag som eg har drive deg bort til. Men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med måte, men reint utan straff kan eg ikkje la deg vera.

»