Logo
🔍

Profeten Jeremia 48 N78NN

« Moab går til grunne

1. Om Moab. Så seier Herren, Allhærs Gud, ¬Israels Gud: Ve Nebo! Byen er øydd. Kirjatajim er teke og vanæra, borga har vorte ¬til skam og skræmsle.

2. Det går ikkje gjetord ¬av moabittane meir. I Hesjbon la dei vonde planar ¬mot dei: «Kom, lat oss rydja dei ut ¬som folk!» Du òg skal tagna, Madmen, sverdet skal forfylgja deg.

3. Høyr klageropet frå ¬Horonajim, der er herjing ¬og stor øydelegging.

4. Moab har brote saman, borna der set i og skrik.

5. Ja, oppover bakken til Luhit går folk og græt. På vegen ned mot Horonajim høyrest det skrik ¬over samanbrotet:

6. «Røm, så de kan berga livet!» Men de vert som ein busk ¬i øydemarka.

7. Fordi du leit på ditt gods ¬og dine skattar, skal du òg verta teken. Kamosj må fara i fangenskap og hans prestar og hovdingar ¬med han.

8. Over kvar by ¬kjem det ein herjar, ikkje ein by slepp unna. Dalen skal herjast og høgsletta leggjast i øyde, så som Herren har sagt.

9. Gjev moabittane venger, for dei skal av stad i bråhast. Byane i landet skal verta aude, og ingen skal bu i dei.

Moabs undergang er nær

10. Forbanna vere den som forsømer å gjera ¬Herrens verk! Forbanna vere den som held sitt sverd frå blod!

11. Moab var trygg ¬frå ungdomen av, låg roleg som vin på sin berme, vart ikkje tappa frå fat til fat – laut aldri fara i fangenskap. Difor har han halde på smaken, angen av han ¬er den same som før.

12. Men sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg sender vintapparar ¬til han. Dei skal tappa han om ¬og tøma fata og slå krukkene i knas.

13. Då skal Moab skjemmast ¬av Kamosj liksom Israel laut skjemmast ¬av Betel, som dei sette si lit til.

14. Korleis kan de seia: «Vi er krigarar ¬og djerve stridsmenn»?

15. Moab skal herjast, fienden fer opp mot hans byar, og den beste ungdomen ¬vert slakta ned, lyder ordet frå Kongen, – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

16. Moabs undergang er nær, i ei bråhast ¬kjem ulukka over han.

17. Ha medkjensle med han, alle grannefolk ikring, alle de som kjenner ¬hans namn. Sei: «Å, at han er broten, den sterke stav, ¬det herlege septer!»

18. Stig ned frå ditt æresete, ¬set deg i støvet, du Dibons dotter ¬som bur i byen. For han som skal herja Moab, fer opp imot deg og øydelegg dine ¬festningsverk.

19. Stå attmed vegen ¬og hald utkikk, du som bur i Aroer! Spør dei som rømde ¬og kom seg unna: «Kva har hendt?»

20. Moab er knust og vanæra. No kan du hyla og skrika. Gjer det kjent ved Arnon at Moab er øydelagt.

21. Straffedomen er komen over slettelandet, over byane Holon, Jahsa, Mofa’at,

22. Dibon, Nebo, Bet-Diblatajim,

23. Kirjatajim, Bet-Gamul, Bet-Meon,

24. Kerijot, Bosra og alle dei andre byane i Moab, både fjern og nær.

25. Avhogge er Moabs horn, armen hans er broten, ¬seier Herren.

26. Gjer Moab drukken, for han har hovmoda seg ¬mot Herren. Så kan han liggja der og spy og vera til spott, han òg.

27. Eller heldt du ikkje Israel ¬for narr? Kanskje han var gripen ¬mellom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar om han?

28. Far bort frå byane og slå dykk ned i fjellet, de som bur i Moab! Gjer som dua, ¬ho byggjer seg reir i sidene av det gapande gjelet.

29. Vi har høyrt ¬kor kaute moabittane er, sjølvgode er dei, stolte og storlåtne og hovmodige i hug og hått.

30. Eg veit kor frekke dei er, ¬seier Herren, eg kjenner ¬det tome skrytet deira. Uærlege er dei i alt det dei gjer.

31. Difor jamrar eg over Moab, skrik for heile Moab skuld og sukkar over mennene ¬frå Kir-Heres.

32. Eg græt meir over deg enn over Jaser, ¬du vintre i Sibma. Dine ranker tøygde seg ¬ut mot sjøen, dei nådde heilt til Jaser. Over din frukthaust ¬og vinhaust kjem det ein herjar.

33. Gleda og jubelen er borte frå hagar og marker i Moab. Eg gjer ende på vinen ¬i pressekummane. Ingen trakkar vindruer ¬til glade rop; alle jubelrop har stilna.

34. Skriket frå Hesjbon ¬når til El’ale, heilt til Jahas høyrest ropet. Dei ropar frå Soar ¬til Horonajim og til Eglat-Sjelisjia. For jamvel Nimrim-vatnet ¬vert til øydemark.

35. Så gjer eg slutt på den skikken at folk i Moab ¬går opp på haugane og brenner offer for guden sin, lyder ordet frå Herren.

36. Difor klagar mitt hjarta som fløyter over Moab, ja, det klagar som fløyter over mennene frå Kir-Heres. For alt det dei hadde samla, ¬er tapt.

37. Kvart hovud er snauklypt, alt skjegg er avraka. Alle har rispa opp hendene og har syrgjeplagg om hoftene.

38. I Moab lyder det berre klage på alle tak og plassar. For eg har knust moabittane lik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om, lyder ordet frå Herren.

39. Å, kor moabittane er knuste! Kor dei hyler! Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til. No vert Moab ¬til spott og skræmsle for alle sine grannefolk.

40. Ja, så seier Herren: Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygande og breier vengene ut ¬over Moab.

41. Byane vert tekne, ¬festningane storma. Den dagen skal Moabs krigarar vera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

42. Moabittane går til grunne ¬som folk fordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren.

43. Det vert gru og grav og garn for dykk som bur i Moab! lyder ordet frå Herren.

44. Den som rømer frå det grufulle, skal falla i grava, og den som kjem opp or grava, skal fangast i garnet. Ja, dette sender eg ¬over moabittane det året eg krev dei ¬til rekneskap, lyder ordet frå Herren.

45. I skuggen av Hesjbon står utmødde flyktningar. Men eld går ut frå Hesjbon, ein loge frå Sihons by. Han skal øyda Moabs tinning og skallen på dei som gjer bråk.

46. Ve deg, Moab! Det er ute med folket ¬som dyrkar Kamosj. For sønene dine vert bortførte, og døtrene må fara ¬i fangenskap.

47. Men til sist, i dagar som kjem, skal eg venda lagnaden ¬for Moab, lyder ordet frå Herren. Her endar domsordet ¬om Moab.

»