Profeten Jeremia 5 N78NN
1. Gå ikring i Jerusalems gater og merk dykk det de ser, leita på torg og plassar om de finn einkvan, om det finst ein einaste ¬som gjer rett og legg vinn på truskap, så eg kan tilgje folket i byen.
2. Dei seier nok: «Så sant Herren lever», men gjer likevel rang eid.
3. Herre, du ser då etter truskap. Om du slår dei, kjenner dei ikkje vondt, om du gjer ende på dei, lèt dei seg ikkje aga. Dei gjer andletet hardare ¬enn stein og vil ikkje venda om.
4. Eg tenkte: Det er berre småkårsfolk, dei ber seg åt som dårar; for dei kjenner ikkje ¬Herrens veg, den retten deira Gud krev.
5. No vil eg gå til dei store og tala med dei, for dei kjenner Herrens veg, den retten deira Gud krev. Men dei har alle brote åket og slite sund lekkjene.
6. Difor skal løva frå skogen ¬slå dei ned, steppeulven skal herja ¬mellom dei; attmed byane ligg leoparden ¬på lur, alle som går ut, vert rivne i hel. For deira brot er mange, gong på gong har dei falle frå.
7. Kvifor skulle eg tilgje deg? Sønene dine har gått bort ¬frå meg og svore ved gudar ¬som ikkje er til. Eg gav dei det dei trong, men dei dreiv hor og samla seg i horehuset.
8. Dei er som brunstige, ¬velfødde hestar, kvar mann kneggjar etter kona ¬til grannen.
9. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk?
10. Stig opp på terrassane i byen, øydelegg dei, men ikkje heilt! Ta bort vinrankene der, for dei høyrer ikkje Herren til.
11. Ja, dei har vore trulause ¬mot meg, både Israels ætt og Judas ætt, lyder ordet frå Herren.
12. Dei fornektar Herren og seier: «Han gjer ingen ting. Ulukka kjem ikkje over oss, sverd og svolt skal vi ikkje sjå.
13. Profetane skal verta til vind; Herrens ord er ikkje i dei, difor skal det gå dei så.»
Fienden et opp alt14. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud: Sidan de talar slike ord, gjer eg mine ord i din munn ¬til eld og dette folket til ved som elden skal øyda.
15. No sender eg mot dykk, ¬Israels ætt, eit folk som kjem ¬langt bortanfrå, lyder ordet frå Herren. Det er eit folk ¬som ingen vinn over, eit folk frå gamal tid. Du kjenner ikkje språket deira og skjønar ikkje kva dei seier.
16. Deira pilehus er ¬som ei open grav, kjemper er dei alle.
17. Dei et opp ditt korn og brød, dei et dine søner og døtrer, dei et opp ditt småfe og storfe, dei et dine vintre og fikentre. Dine festningsbyar ¬som du lit på, skal dei øyda med sverd.
18. Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk.
Vil de ikkje ha age for meg?19. Og når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette med oss?» skal du svara dei: «Liksom de gjekk bort frå meg og dyrka framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje høyrer dykk til.»
20. Kunngjer dette i Jakobs ætt, og rop det ut i Juda:
21. Høyr dette, du uvituge folk som ikkje eig skjøn, som har augo, men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer.
22. Har de ikkje age for meg, skjelv de ikkje for mitt åsyn? lyder ordet frå Herren, eg som gav havet ¬ei sandstrand til grense, ein evig skipnad ¬det ikkje kan krenkja. Om det bryt på, ¬har det inga makt, om bylgjene brusar, ¬når dei ikkje over.
23. Men dette folket ¬er trassig og stridlyndt, dei har vike av og gått sin veg.
24. Dei seier ikkje med seg sjølve: «Lat oss ottast Herren vår Gud, han som sender regn i rette tid, både haustregn og vårregn, og syter for at vi kan hausta inn i dei vekene ¬som er fastsette til det.»
25. Men fordi de har gjort vondt, har dette kome ut av lage; det er syndene dykkar som held alt dette gode ¬borte frå dykk.
26. For det finst gudlause menn ¬i folket mitt. Dei ligg og lurer som når fuglefangarar ¬huker seg ned, set farlege snarer ¬og fangar menneske.
27. Som eit bur er fullt av fuglar, er husa deira fulle av svik. Difor har dei vorte store ¬og rike,
28. tjukke og feite er dei. Det fløymer over ¬med vonde ord. Dei dømer ikkje rett, tek seg ikkje av saka ¬åt farlause, så ho kan lukkast for dei, og syter ikkje for ¬at fattigfolk får sin rett.
29. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk?
30. Det er fæle, ja, gruelege ting som går føre seg i landet.
31. Profetane spår ved Lygna, prestane styrer og rår ¬som dei vil, og folket mitt likar det så. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?