Logo
🔍

Profeten Jeremia 50 N78NN

« Babylons fall og Israels heimkome

1. Dette er det ordet Herren tala gjennom profeten Jeremia om Babylonia, Kaldearlandet:

2. Forkynn mellom folka, ¬lat det høyrast, lyft fana og rop det ut! Døl ikkje noko, men sei: Babel er teke, Bel har vorte til skammar, og Marduk er vitskræmd. Gudebileta står der med skam, dei ufysne gudane er livredde.

3. For eit folk frå nord ¬dreg fram mot landet og gjer det til ei øydemark, så ingen kan bu der; folk og fe rømer og fer bort.

4. I dei dagar, når den tid kjem, lyder ordet frå Herren, skal Israels søner koma heim og Judas søner saman med dei. Gråtande skal dei gå og søkja Herren sin Gud.

5. Dei skal spørja etter vegen ¬til Sion, venda andletet hit og seia: «Kom, lat oss slutta oss ¬til Herren i ei evig pakt ¬som aldri skal gløymast!»

6. Mitt folk var ¬som bortkomne sauer; hyrdingane deira ¬hadde ført dei vilt, på avvegar i fjella. Dei gjekk over fjell og haug og gløymde ¬kvar dei skulle roa seg.

7. Alle som møtte dei, ¬ville sluka dei. Deira fiendar sa: ¬«Vi gjer ingen urett, for dei har synda mot Herren, som dei i sanning ¬kunne kvila hjå, og som fedrane sette si von til.»

8. Røm frå Babylonia, far bort frå Kaldearlandet, og gå som bukkar ¬framføre flokken.

9. For sjå, frå landet i nord vil eg samla store folk, eggja dei til strid og føra dei opp mot Babylon. Dei fylkar seg mot byen og tek han frå nord. Dei skyt sine piler ¬som ein dugande krigar som aldri kjem tomhendt att.

10. Kaldearlandet vert til hærfang, alle som tek av det, ¬får det dei vil, lyder ordet frå Herren.

11. Ja, de kan vera glade og fegne, de som plyndra mitt arveland. Hopp som kalvar i graset, og knegg som sterke hestar.

12. No skal mor dykkar ¬skjemmast djupt, ho som fødde dykk, ¬vert til spott. Sjå, ho kjem sist mellom folka, ho vert som ei turr ¬og livlaus øydemark.

13. Fordi Herren er harm, ¬skal ingen bu der, heile landet skal vera ei audn. Alle som fer framom Babel, skal fæla og spotta når dei ser alle dei sår ho har fått.

14. Fylk dykk, alle bogeskyttarar, gå mot Babylon ¬og kringset byen! Skyt mot han, ¬spar ikkje på pilene, for han har synda mot Herren.

15. Lyft hærrop mot byen ¬frå alle kantar! No må Babylon gje seg; støttene er falne ¬og murane rivne. Ja, dette er Herrens hemn. Ta berre hemn på byen, gjev han att ¬for det han har gjort!

16. Ryd ut or Babylonia ¬den som sår, og den som svingar sigd ¬om hausten! Frå det herjande sverdet ¬skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk og røma til sitt eige land.

17. Israel var som ein bortjaga sau, som løver hadde drive på flukt. Fyrst åt Assur-kongen på han, og så har Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, gnege av beina.

18. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg krevja ¬babylonarkongen og landet hans til rekneskap, som eg gjorde ¬med assyrarkongen.

19. Så fører eg Israel attende til deira eigne beitemarker; dei skal beita ¬på Karmel og i Basan og få eta seg mette på Efraims-fjellet og i Gilead.

20. I dei dagar, når den tid kjem, lyder ordet frå Herren, skal dei leita etter Israels skuld, ¬men fåfengt, etter Judas synd, ¬men ho finst ikkje, for eg tilgjev dei eg lèt vera att.

21. Far opp mot Meratajim-landet og strid imot det! Gå mot dei som bur i Pekod, forfylg dei med sverd ¬og bannstøyt dei! Gjer alt det eg byd deg, lyder ordet frå Herren.

22. Det er stridsgny i landet, og alt bryt heilt i hop.

23. Å, kor han er knust og broten, den hamaren som slo all jorda! Å, kor Babylonia har vorte til skræmsle mellom folka!

24. Eg sette snarer for deg, Babel, og før du visste av det, var du fanga. Du vart funnen og gripen, fordi du gjekk til strid ¬mot Herren.

25. Herren har opna sitt lager og teke fram sin harmes våpen; for Herren Gud, Allhærs Gud, har eit verk å gjera ¬i Kaldearlandet.

26. Rykk fram mot landet ¬frå alle kantar og lat opp kornkammera der! Kast kornet opp i haugar, bannlys det, lat ingenting vera att!

27. Hogg ned alle oksane deira, lat dei gå til slakting! Ve dei! Dagen deira er komen, tida då dei må gjera rekneskap.

28. Høyr, dei rømer og kjem seg bort frå Babylonia. Dei vil kunngjera i Sion at Herren vår Gud ¬har teke hemn, hemn for templet sitt.

29. Kall skyttarane saman ¬mot Babylon, alle som spenner boge. Kringset byen på alle kantar, lat ingen sleppa unna! Lat Babylon få att som fortent, gjer mot byen ¬alt det han sjølv har gjort. For han har vore frekk ¬mot Herren, mot Israels Heilage.

30. Difor skal dei unge ¬mennene der falla på torga, alle stridsmennene vert tynte ¬den dagen, lyder ordet frå Herren.

31. Eg kjem over deg, ¬du skamlause, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. For no er dagen komen for deg, den tid då eg krev deg ¬til rekneskap.

32. Den skamlause skal snåva ¬og falla, og ingen skal reisa han opp. Eg set eld på byane hans, og han skal øyda alt ikring.

33. Så seier Herren, Allhærs Gud: Israels-sønene er trælka og Juda-sønene saman ¬med dei. Alle som førte dei ¬i fangenskap, held dei fast ¬og slepper dei ikkje.

34. Men deira utløysar er sterk. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Han vil føra deira sak og gje jorda ro, men valda uro for dei som bur i Babylonia.

35. Sverd mot kaldearane! ¬seier Herren. Sverd mot dei ¬som bur i Babylonia, mot hovdingane ¬og vismennene i landet!

36. Sverd mot varseltydarane! Dei skal stå der som dårar. Sverd mot krigarane i byen! Dei skal missa motet.

37. Sverd mot hestane ¬og vognene i byen, mot alt blandingsfolket der! Dei skal verta som kvinner. Sverd mot skattane i byen! Dei skal verta rana og røva.

38. Lat turk koma over vatnet, så det turkar bort. For landet er fullt av ¬gudebilete, og med sine fæle bilete ber folk seg åt som galne.

39. Difor skal ørkendyr ¬slå seg ned der saman med ville hundar; strutsar skal halda til i byen. Aldri skal han byggjast meir, frå ætt til ætt skal ingen bu der.

40. Det skal gå ¬som då Gud gjorde ende på Sodoma, Gomorra ¬og grannebyane, lyder ordet frå Herren. Ikkje eit menneske skal bu der, ingen skal halda til i byen.

41. Det kjem eit folk frå nord, det er eit mektig folk; mange kongar tek ut frå utkanten av jorda.

42. Boge og spyd har dei i handa, harde er dei og sparer ingen. Larmen av dei ¬er som havdur. På hestar kjem dei ridande; budde som stridsmenn dreg dei fram imot deg, ¬Babel-dotter.

43. Då babylonarkongen ¬høyrde ryktet om dei, vart hendene hans kraftlause. Han vart gripen av angst og skalv som ei fødande ¬kvinne.

44. Lik ei løve som stig opp or den fine Jordan-skogen til sletta som alltid er grøn, så skal eg på ein augneblink driva dei bort frå landet og setja min utvalde over det. For kven er som eg? Kven vil stemna meg? Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg?

45. Høyr då kva planar Herren har lagt ¬mot babylonarane, kva han har tenkt å gjera med Kaldearlandet. Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort, og beitemarkene deira ¬skal verta aude.

46. Når ropet lyder: ¬«Babylon er teke!» skal jorda skjelva, og skriket skal høyrast ¬mellom folkeslaga.

»