Logo
🔍

Profeten Jeremia 51 N78NN

« Babylon får si straff

1. Så seier Herren: Eg reiser ¬ein øydande storm mot Babylon ¬og dei som bur i Leb-Kamai.

2. Eg sender folk ¬til å spreia babylonarane, som når ein reinsar korn. Dei skal leggja landet i øyde når dei set på det frå alle kantar den dagen ulukka kjem.

3. Skyttaren skal ikkje ¬spenna bogen og ikkje briska seg i brynja. Spar ikkje dei unge mennene ¬i byen, bannstøyt heile hæren der!

4. Menn skal drepast ¬og falla i Kaldea, gjennombora ligg dei ¬på gatene.

5. Israel og Juda ¬er ikkje som enkjer, gløymde av sin Gud, ¬Herren, Allhærs Gud, endå landet deira ¬er fullt av skuld mot Israels Heilage.

6. Røm frå Babylon, ¬berga dykk alle! Miss ikkje livet ¬når byen får si straff. Dette er ei hemne-tid ¬for Herren; han gjev dei att ¬for det dei har gjort.

7. Babel var eit gullstaup ¬i Herrens hand og gjorde heile verda drukken. Folkeslaga drakk av vinen, difor bar dei seg åt som galne.

8. Brått er Babel fallen og knust. Set i med klagerop over henne! Henta balsam for hennar sår, kanskje kan dei lækjast.

9. «Vi prøvde å lækja Babel, men det lét seg ikkje gjera. Lat henne liggja, så vi kan fara, kvar til sitt eige land. For domen over henne ¬når til himmelen, radt opp til skyene rekk han.»

10. Herren har synt ¬at vi var skuldlause. Kom, lat oss fortelja på Sion kva Herren vår Gud har gjort.

11. «Gjer pilene kvasse, ¬fyll pilehusa!» Herren har eggja ¬medarkongen; for han aktar ¬å øydeleggja Babylon. Det er Herrens hemn, han vil hemna sitt tempel.

12. Lyft fana mot Babylons murar, gjer vakthaldet sterkare, set ut vakter og legg nokre i bakhald! For Herren har tenkt ut ¬ein plan og set i verk det han har tala mot folket i Babylon.

13. Du som bur ¬ved dei store elvane og er så rik på skattar, no er enden komen for deg, din livstråd skal skjerast av.

14. Herren, Allhærs Gud, har svore ved seg sjølv: Eg skal fylla deg ¬med menneske, tallause som ¬ein grashoppesverm. Dei skal setja i med jubelrop ¬mot deg.

15. Herren skapte jorda ¬med si kraft, han grunnla fastlandet ¬i sin visdom og spente ut himmelen ¬med skjøn.

16. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen, han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda, han lèt lyna blinka ¬og regnet falla og sender vinden ¬frå hans opplagsrom.

17. Alle menneske er dumme ¬og uvituge. Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete, dei støypte bileta hans er lygn, det er ikkje ånd i dei.

18. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta, i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei.

Herrens hamar

19. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del, for det er han som skaper alt. Israel er hans eiga ætt, Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

20. Du er min hamar, ¬mitt stridsvåpen. Med deg knuser eg folkeslag, øyder eg kongerike.

21. Med deg knuser eg ¬hest og ryttar, knuser eg vogn og køyrekar.

22. Med deg knuser eg ¬mann og kvinne, knuser eg gamal og ung, knuser eg gut og jente.

23. Med deg knuser eg ¬gjætar og buskap, knuser eg bonden ¬og oksane hans, knuser eg statthaldarar ¬og styresmenn.

24. Men Babylon ¬og alle som bur i Kaldea, gjev eg att, ¬beint framfor augo dykkar, for alt det vonde ¬dei gjorde mot Sion, lyder ordet frå Herren.

25. Eg kjem mot deg, ¬du Tyningsfjell, som øydelegg heile jorda, ¬seier Herren. Eg retter ut handa mot deg, velter deg ned ¬frå fjellknausane og gjer deg til eit utbrent berg.

Striden mot babylonarane

26. Dei skal ikkje ta ein stein ¬ifrå deg til hjørnestein eller grunnmur. Ei evig audn skal du verta, lyder ordet frå Herren.

27. Lyft ei fane på jorda, blås i horn mellom folka, vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia! Kall saman kongerike ¬mot landet, Ararat, Minni og Asjkenas. Set ein hærførar over dei! Før fram hestar ¬som bustete grashopper!

28. Vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia, kongen og statthaldarane ¬i Media, alle styresmennene der og heile det landet ¬kongen rår over.

29. Jorda dirrar og skjelv, for no set Herren i verk dei planar han har ¬mot Babylonia: å gjera landet til ei øydemark der ingen kan bu.

30. Krigarane i Babylon ¬har gjeve opp striden, dei sit i ro i borgene. Deira kraft er borte, dei har vorte som kvinner. Det er sett eld ¬på bustadene i byen, og bommane er brotne.

31. Den eine lauparen ¬renner mot den andre, eitt sendebod møter eit anna når dei skal gje ¬babylonarkongen melding om at byen er teken ¬frå alle kantar,

32. at vadestadene er tekne og bolverka brende og stridsmennene gripne ¬av redsle.

Herrens hemn

33. Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No liknar Babels dotter ein treskjevoll ¬som er trakka hard. Det er berre ei lita stund, så kjem hausten for henne.

34. Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, har ete meg opp ¬og soge meg ut og sett meg bort ¬som eit tomt kjerald. Han slukte meg ¬som eit sjøbeist, fylte sin buk ¬med mitt beste kjøt og slengde meg sidan bort.

35. Lat den urett og skade ¬eg har lide, koma over babylonarane! seier dei som bur i Sion. Lat dei som bur i Kaldea, få bøta for mitt liv! seier folket i Jerusalem.

36. Difor seier Herren: Sjå, eg fører di sak og fullfører hemnen for deg. Eg legg elva i Babylonia turr og turkar ut hennar kjelder.

37. Babylon skal verta ei steinrøys, ein tilhaldsstad for sjakalar, ein stad til skræmsle og spott, der ingen kan bu.

38. Dei brøler alle som unge løver og knurrar som løveungar.

39. Når dei brenn av lyst, steller eg til eit drikkelag ¬for dei. Eg gjer dei så drukne ¬at dei sovnar; dei fell i ein evig svevn, som dei ikkje skal vakna or, lyder ordet frå Herren.

40. Eg fører dei til slakting ¬som lam, som verar og bukkar.

41. Å, at Sjesjak er slegen og teken, byen som var lovprist ¬på heile jorda! Å, at Babylon har vorte ei skræmsle mellom folkeslaga!

42. Havet har stige ¬opp over Babylonia, og gøymt landet ¬med sine brusande bylgjer.

43. Byane der har vorte ei audn, eit turt og livlaust land. I dei held ingen til, ikkje eit menneske ferdast der.

44. Eg heimsøkjer Bel i Babylon; det som han har slukt, dreg eg ut or munnen hans. Folkeslag skal ikkje lenger koma strøymande til han. Muren kring Babylon ¬er òg fallen.

45. Mitt folk, far ut or byen! Kvar og ein må berga livet for Herrens brennande vreide.

46. Miss ikkje motet, ¬og ver ikkje redde når rykte breier seg i landet, når det kjem éi tidend ¬det eine året og ei anna året etter, når det rår vald og urett ¬på jorda, og herskar reiser seg ¬mot herskar.

47. Sjå, difor skal dagar koma då eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia, så heile landet vert ¬til skammar, og alle mennene ¬vert drepne og fell.

48. Himmel og jord ¬og alt som i dei er, skal triumfera over Babylon, når folk frå nord ¬dreg fram mot byen og herjar han, lyder ordet frå Herren.

49. Babylon må falla til hemn for dei drepne i Israel, liksom folk over heile jorda vart drepne og fall ¬for Babylon skuld.

50. De som slapp unna sverdet, far av stad, stans ikkje her! Kom Herren i hug ¬i landet langt borte, og ha omtanke for Jerusalem!

51. «Vi skjemmest, ¬for vi fekk høyra spottord, andletet vårt er raudt av skam; for framande har trengt inn i heilagdomen, Herrens hus.»

52. Difor skal dagar koma, ¬seier Herren, då eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia; i heile landet ¬skal såra menner stynja.

53. Om Babel stig opp ¬til himmelen og gjer si høgborg utilgjengeleg, skal eg senda folk ¬som herjar henne, lyder ordet frå Herren.

54. Høyr skriket som lyder ¬frå Babylonia, eit veldig brak ¬frå Kaldearlandet.

55. Det er Herren ¬som øydelegg Babylonia og gjer ende på alt ståket ¬i landet. Bylgjer brusar ¬som ein mektig flaum, det høyrest dur og drøn frå dei.

56. For mot Babylonia kjem det ein fiende som herjar; krigarane der ¬vert tekne til fange og bogane deira brotne. For Herren er ein Gud ¬som gjev attergjeld, i fullt mål gjev han att.

57. Eg gjer deira hovdingar ¬og vismenn drukne, deira statthaldarar, ¬styresmenn ¬og krigarar med. Dei skal falla i ein evig svevn, som dei ikkje vaknar or, ¬seier Kongen – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

Jeremias bodskap til Babylon

58. Så seier Herren, Allhærs Gud: Dei tjukke murane ¬kring Babylon skal rivast til grunnen og dei høge portane brennast. Så har folka ingenting att ¬for sitt strev, det ætter har stridt med, ¬går opp i logar.

59. Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge.

60. Jeremia hadde skrive opp i ei bok all den ulukka som skulle koma over Babylon. Det er alle dei orda som her er skrivne om byen.

61. Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babylon, skal du syta for å lesa opp alt dette.

62. Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og truga med å øydeleggja han, så ingen kan bu der, korkje folk eller fe. Han skal verta ei audn for alltid.»

63. Når du så er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat

64. og seia: «Såleis skal Babylon søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over byen. Her endar orda åt Jeremia.

»