Logo
🔍

Profeten Jeremia 8 N78NN

«

1. På den tid, lyder ordet frå Herren, skal dei ta beina av Juda-kongane og hovdingane deira og beina av prestane, profetane og folket i Jerusalem ut or gravene

2. og strøya dei ut for sola, månen og heile himmelhæren, som dei elska, dyrka og heldt seg til, og som dei spurde til råds, bøygde seg for og tilbad. Ingen skal samla og gravleggja dei; til gjødsel på marka skal dei verta.

Israel kjenner ikkje Herrens lov

3. Og dei skal velja døden framfor livet, alle som vert att av denne vonde ætta, på alle dei stader eg driv dei bort til, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

4. Du skal tala til dei: Så seier Herren: Kven er det som dett ¬og ikkje står opp, går bort og ikkje kjem att?

5. Kvifor skal folket ¬her i Jerusalem atter og atter falla ifrå? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje venda om.

6. Eg har lydt etter og høyrt. Det er ikkje sant, det dei seier. Det finst ingen som angrar ¬sin vondskap og seier: «Kva har eg gjort!» Alle renner dei vilt av stad, som ein hest stormar ¬fram i strid.

7. Jamvel storken under ¬himmelen kjenner sine faste tider; og turteldua, svala og trasta passar tida når dei skal koma. Men folket mitt kjenner ikkje den rett som Herren krev.

8. Korleis kan de seia: «Vi er vise, vi har Herrens lov hjå oss»? Nei, sanneleg, til ei falsk lov har skrivarane gjort henne med sin lygngriffel.

9. Dei vise skal stå der med skam, dei skal gripast av redsle ¬og fangast i snara. Dei har vraka Herrens ord. Kva hjelper då deira visdom?

10. Difor gjev eg konene deira ¬til andre, markene deira til nye eigarar. For alle saman, små og store, søkjer urett vinning. Profetar og prestar ¬fer alle med svik.

11. Lettvint lækjer dei skaden ¬i mitt folk når dei seier: «Fred, fred!» – og så er det ingen fred.

12. Dei skal verta til skammar, for dei har gjort stygge ting. Likevel skjemmest dei ikkje, og blygsle veit dei ikkje av. Difor skal dei falla ¬som dei andre; på den tid eg krev dei ¬til rekneskap, skal dei stupa, seier Herren.

Fienden kjem

13. No vil eg hausta dei inn, lyder ordet frå Herren. Men det finst ikkje druer ¬på vintreet og ikkje fiken på fikentreet; lauvet er visna. Eg vil gje dei att etter den frukt dei ber.

14. Kvifor sit vi i ro? Kom saman! Lat oss heller fara ¬inn i festningsbyane og gå til grunne der! For Herren vår Gud ¬lèt oss gå til grunne, han lèt oss drikka giftig vatn; for vi har synda mot Herren.

15. Vi vona på fred og lukke, men det kjem ikkje noko godt; vi venta ei tid med lækjedom, men sjå, det er redsle som rår.

16. Lyden av fiendens ¬frøsande hestar høyrest heilt til Dan. Når hingstane kneggjar, skjelv heile landet. Dei kjem og et opp landet og alt som i det er, byen og dei som der bur.

Profeten lid med folket sitt

17. Ja, eg sender mot dykk ormar, eiterormar som ingen ¬kan mana bort. Dei skal bita dykk, lyder ordet frå Herren.

18. Eg er tyngd av ulækjande sorg, hjarta mitt er sjukt.

19. Høyr naudropet frå folket mitt rundt ikring i landet! Er ikkje Herren på Sion, er ikkje byens konge der? Kvifor har dei harma meg med gudebileta sine, med framande gudar ¬som ingenting er?

20. Skurden er ende, ¬sommaren slutt, men vi er ikkje berga.

21. Eg er nedbroten ¬fordi folket mitt er knekt; eg syrgjer, ¬og gru har gripe meg.

22. Finst det ikkje balsam i Gilead, er det ingen lækjar der? Kvifor gror då ikkje såret som folket mitt har fått?

»