Logo
🔍

Profeten Jeremia 9 N11NN

«

1. Å, om hovudet mitt var vatn og auget mitt ei tårekjelde! Då ville eg gråta dag og natt over dei falne i folket, mi dotter.

2. Å, om eg fann ein stad i ørkenen der ferdafolk kunne overnatta! Då ville eg forlata folket mitt og gå bort frå dei. For dei er alle ekteskapsbrytarar, ein flokk av trulause.

3. Dei spenner løgnbogen med tunga som pil. Det er ikkje ved sanning dei herskar i landet. Dei går frå vondskap til vondskap, og dei kjenner ikkje meg, seier Herren.

4. Akta dykk for kvarandre, stol ikkje eingong på ein bror! Kvar bror fer med list, kvar ven går med sladder.

5. Dei lurer kvarandre og snakkar ikkje sant. Dei har lært opp tunga til å lyga, dei er utmatta av vondskap.

6. Mellom svikarar bur du, svikarar som ikkje vil kjennast ved meg, seier Herren.

7. Difor seier Herren over hærskarane: Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei. Kva kan eg elles gjera for folket, mi dotter?

8. Tunga deira er ei drepande pil, ho talar svik. Med munnen talar dei til nesten sin om fred, men i sitt indre planlegg dei bakhald.

Kvifor er landet lagt i grus?

9. Skulle eg ikkje straffa dei for dette, seier Herren, skulle eg ikkje hemna meg på eit folkeslag som dette?

10. Eg set i med gråt og klagesong over fjella, likklage over beita i ørkenen. For dei er avsvidde, ingen ferdast der, det høyrest ingen rautande buskap. Både fuglane under himmelen og dyra på marka har rømt og er borte.

11. Eg gjer Jerusalem til ei steinrøys, ein stad der sjakalar held til. Byane i Juda gjer eg til aude stader der ingen kan bu.

12. Kven er så vis at han skjønar dette og kan kunngjera det Herrens munn har tala til han? Kvifor er landet lagt i grus, avsvidd som ein ørken der ingen kan ferdast?

13. Herren svara: Fordi dei sveik mi lov, som eg la fram for dei. Dei høyrde ikkje på mi røyst og følgde ikkje mi lov,

14. men dei følgde sitt sjølvrådige hjarte og Baal-gudane, slik fedrane deira hadde lært dei.

15. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og giftig vatn å drikka.

Klagerop frå Sion

16. Eg spreier dei mellom folkeslag som korkje dei eller fedrane deira kjende. Eg sender sverdet etter dei heilt til eg har gjort ende på dei.

17. Så seier Herren over hærskarane: Ver forstandige! Tilkall gråtekonene, send bod på dei kunnige kvinnene!

18. Dei må skunda seg og koma, dei skal syngja klagesong over oss til tårer fell frå auga våre og vatn dryp frå augneloka våre.

19. Høyr, det lyder klagesong frå Sion: «Å, vi er øydelagde! Vår skam er stor. No må vi bort frå landet, for dei har rive heimane våre.»

20. Ja, kvinner, høyr Herrens ord, øyre, ta imot ordet frå hans munn! Lær døtrene dykkar ein klagesong og lær kvarandre ei likklage:

21. «Døden kom inn gjennom vindauga våre og gjekk inn i borgene våre for å utrydda småborn i gata, unge menn på torga.»

Å vera stolt

22. Tal! Slik er ordet frå Herren: Lik av menneske skal falla som gjødsel på marka, som kornband etter haustfolket, og det er ingen til å samla dei opp.

23. Så seier Herren: Den vise skal ikkje vera stolt av visdomen sin, den sterke skal ikkje vera stolt av styrken sin, den rike skal ikkje vera stolt av rikdomen sin.

Uomskorne hjarte

24. Men den som vil vera stolt av noko, skal vera stolt av dette: at han har forstand og kjenner meg. For eg er Herren som viser miskunn, rett og rettferd på jorda. Ja, slik vil eg ha det, seier Herren.

25. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vil straffa alle som er omskorne på kroppen:

26. Egypt, Juda, Edom, ammonittane, Moab og alle som bur i ørkenen og har kortklipt hår ved tinningen. For alle folkeslaga er uomskorne, og heile Israels hus har uomskorne hjarte.

»