Jobs bok 10 N78NN
1. Eg er lei av livet, vil klaga mi naud. Eg er beisk i hug og vil tala ut.
2. Eg seier til Gud: ¬Fordøm meg ikkje! Lat meg få vita ¬kvifor du klagar meg.
3. Har du glede av å gjera urett, av å vraka det du sjølv ¬har skapt, og la ljoset skina over planane åt dei vonde?
4. Har du då augo ¬som ein skapning, ser du så som menneske ser?
5. Er dine dagar ¬som dagane åt mennesket og dine år som mannens år,
6. sidan du leitar etter skuld ¬hjå meg og spør etter mine synder?
7. Du veit at om eg er skuldlaus, kan ingen berga meg ¬or di hand.
8. Det er du som har forma ¬og skapt meg, og så snur du om og tyner meg!
9. Kom i hug ¬at du har laga meg av leire, og så lèt du meg verta ¬til jord att!
10. Du lét meg renna ut som mjølk og sidan stivna liksom ost.
11. Du kledde meg ¬med kjøt og skinn og vov meg i hop ¬med bein og sener.
12. Du gav meg liv ¬og var trufast mot meg, med omhug verna du mi ånd.
13. Men dette gøymde du i hjarta, eg veit du hadde det i tankar:
14. Du ville vakta på meg ¬når eg synda og ikkje frikjenna meg ¬for skuld.
15. Ve meg om eg var skuldig! Og hadde eg rett, kunne eg ikkje lyfta hovudet. Eg var mett av skam og full av liding.
16. Og lyfte eg likevel hovudet, ville du jaga meg som ei løve og atter fara underleg fram ¬mot meg.
17. Du ville føra nye vitne mot meg, visa meg aukande uvilje og atter og atter ¬senda dine hærar mot meg.
18. Kvifor lét du meg koma ut ¬or mors liv? Gjev eg hadde døytt ¬før nokon fekk sjå meg!
19. Det hadde vore ¬som om eg aldri var til, frå mors liv ¬hadde dei ført meg til grava.
20. Kor få mine levedagar er! Gjev han ville la meg vera, så eg kunne få litt glede
21. før eg går bort ¬til det kolmørke landet, som eg aldri kjem att ifrå:
22. eit land så svart som natta, der mørker og ugreie rår, og ljoset er mørkt som natta.