Logo
🔍

Jobs bok 11 N78NN

« Kan du lodda djupnene i Gud?

1. Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:

2. Skal ikkje pratmakaren få svar? Får han rett, ¬han som brukar så store ord?

3. Skulle skvalderet ditt ¬få menn til å teia, så du kan spotta utan motsegn?

4. Du vågar å seia: ¬«Mi lære er rein, og eg står skuldlaus ¬framfor deg.»

5. Men ville Gud berre ¬opna munnen og ta til ords imot deg,

6. forkynna deg ¬sin løynde visdom, som gjev dobbelt skjøn, då skulle du forstå at Gud kan la di synd ¬verta gløymd.

7. Kan du lodda djupnene i Gud eller finna ei grense for stordomen Œt Den Allmektige?

8. Høgare er han enn himmelen – kva kan du gjera? – og djupare enn dødsriket – kva veit du?

9. Han har større mål enn jorda og femner vidare enn havet.

10. Om Gud dreg ut og tek fangar og stemner folk for retten, kven kan hindra han?

11. Han kjenner dei falske menner og ser den vondskap ¬som ingen merkar.

12. Kan ein uvitug mann få vit? Kan eit villesel ¬skapast om til menneske?

13. Om du vender hugen til han og breier ut hendene mot han,

14. – er det vondskap i handa, ¬så få han bort, lat ingen urett bu i ditt telt! –

15. då kan du utan flekk og lyte ¬lyfta hovudet, stå der støtt og sleppa reddast.

16. For du skal gløyma di møde; du skal berre minnast henne, som du minnest vatn ¬som rann sin veg.

17. Ditt liv skal verta meir strålande ¬enn middagssola, og mørkret skal verta ¬som ljose morgonen.

18. Du kan vera full av tillit, ¬for det er von; du kan sjå deg om ¬og leggja deg trygt.

19. Ingen skræmer deg ¬når du går til ro, mange prøver ¬å vinna din godvilje.

20. Men dei vonde får sløve augo, dei har ingen stad ¬dei kan røma til, deira einaste von er å få anda ut.

»