Logo
🔍

Jobs bok 12 N78NN

« Hjå Gud er visdom og velde

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, de er sanneleg ¬noko til karar! Med dykk døyr nok ¬visdomen ut.

3. Men eg òg har vit, eg er ikkje ringare mann enn de. Kven kjenner ikkje til slikt?

4. Eg er til lått for mine vener, eg som ropa til Gud ¬og fekk svar, eg som er rettvis og ærleg.

5. «Bry deg ikkje om ulukka!» tenkjer dei som er trygge. «Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.»

6. Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred; trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreide og trur dei har Gud i si hand.

7. Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg, himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap.

8. Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg, fisken i havet ¬har noko å fortelja.

9. Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette, at Gud har skapt det ¬med si kraft?

10. Han har kvar levande sjel ¬i si hand og rår over ånda ¬i kvar manns kropp.

11. Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde, liksom ganen smakar på maten?

12. Er det berre dei gamle ¬som har visdom, berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?

13. Hjå Gud er visdom og velde, han legg planar med vit.

14. Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp; når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.

15. Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort, han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.

16. Hjå han er styrke og klokskap; han rår over den som fer vilt, og over den som fører vilt.

17. Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort, og domarar gjer han til dårar.

18. Han løyser kongars lekkjer og bind hoftekledet om dei.

19. Han fører prestar ¬berrføtte bort og feller mektige menn.

20. Han tek mælet ¬frå pålitelege folk og dømekrafta frå dei eldste.

21. Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstar og løyser beltet på sterke menn.

22. Han avslører det ¬som er løynt i mørkret, og det ¬som er stummande mørkt, fører han fram i ljoset.

23. Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei, lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort.

24. Han tek vitet ¬frå landsens hovdingar og fører dei vilt i veglaus audn.

25. Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje, han lèt dei raga ¬som drukne menn.

»