Logo
🔍

Jobs bok 14 N78NN

« Du har sett ei grense for mennesket

1. Mennesket, ¬født av ei kvinne, lever kort og fyllest av uro.

2. Det skyt opp som blomen ¬– og visnar, det fer bort som skuggen ¬og står seg ikkje.

3. Men du held vake auga ¬med mannen og stemner han for din domstol.

4. Kan det koma ein rein ¬av ein urein? Nei, ikkje ein.

5. Er mannens levetid fastsett, har du avgjort hans månadstal, har du sett ei grense for han, som han ikkje kjem utom,

6. så lat han få vera i fred medan han gleder seg ¬over sin arbeidsdag.

7. For eit tre er det von. Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att; det vantar ikkje renningar.

8. Om røtene i jorda eldest, og stuven morknar i molda,

9. så veks det opp att ¬ved eimen av vatn og set skot som eit nyplanta tre.

10. Men når mannen døyr, ¬er det ute med han, går mennesket bort, ¬kvar finst det då?

11. Som vatnet renn ut or sjøen, som elva minkar og turkar ut,

12. såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp; han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til; ingen vekkjer han or svevnen.

13. Gjev du ville gøyma meg og halda meg løynd i dødsriket til vreiden din går over! Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for meg og så atter koma meg i hug!

14. Kunne ein som er død, få liv, då ville eg halda ut i striden til det kom avløysing for meg.

15. Då skulle du ropa på meg ¬og få svar, du skulle lengta ¬etter din skapning.

16. Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek, og ikkje akta på mi synd.

17. Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung, og du har sett stengsle ¬for mi skuld.

18. Men fjell kan falla ¬og smuldra bort, og berg kan rykkjast av lage.

19. Som vatn holar ut stein, og ausregn skyl moldjord ¬bort, såleis gjer du ende ¬på mannens von.

20. Du vinn over han for alltid, og han må gå sin veg; du sender han bort ¬med skamfare andlet.

21. Kjem hans søner til ære, ¬veit han det ikkje; går det nedover med dei, ¬merkar han det ikkje.

22. Han har nok ¬med verken i sin kropp og med si eiga sjelenaud.

»