Logo
🔍

Jobs bok 16 N78NN

« Venene mine spottar meg

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Eg har høyrt nok av dette; brysame trøystarar er de alle.

3. Vert det aldri slutt på tome ord? Kva er det ¬som eggjar deg til å svara?

4. Eg kunne vel òg ha tala som de, om de hadde vore i min stad. Då kunne eg halde fine talar og rist på hovudet av dykk.

5. Men eg ville ha styrkt dykk ¬med min tale og ikkje spart på milde ord.

6. Om eg tala, skulle det ikkje ¬vanta på medynk, og han tok ikkje slutt ¬om eg heldt opp.

7. Men no har Gud ¬gjort meg kraftlaus! Du øydde ut alle ¬som høyrde meg til.

8. Du tok tak i meg, ¬og det vitna imot meg; min sjukdom stod fram ¬og klaga meg.

9. I vreide og fiendskap ¬riv han meg sund, han skjer tenner mot meg. Mine fiendar kvesser augo

10. og spilar opp gapet mot meg, dei slår meg hånleg på kinnet og rottar seg saman mot meg.

11. Gud har gjeve meg ¬vonde menn i vald, han har kasta meg ¬i hendene på nidingar.

12. Eg levde i fred, ¬då riste han meg, tok meg i nakken ¬og knuste meg. Han sette meg opp ¬til skyteskive,

13. hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar. Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine, han lét min galle renna til jorda.

14. Flengje på flengje ¬reiv han i meg og storma mot meg ¬som ein krigar.

15. Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kropp og bøygt meg audmjukt i støvet.

16. Andletet mitt er raudt av gråt og augneloka svarte,

17. endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd, og bøna mi er rein.

18. Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod, lat aldri mitt klagerop stilna!

19. Eg har då mitt vitne ¬i himmelen, ein som talar mi sak i det høge.

20. Venene mine spottar meg, gråtande vender eg augo ¬til Gud.

21. Gjev han må la mennesket ¬få rett hjå Gud og avgjera striden mellom ¬mannen og hans neste!

22. For det er ikkje mange år ¬før eg fer den vegen ¬som aldri fører attende.

»