Logo
🔍

Jobs bok 17 N78NN

« Er det von for meg?

1. Mi livskraft er slokna, mi tid er ute, eg har berre grava i vente.

2. Sanneleg, eg møter spott, mine augo er trøytte ¬av deira motstand.

3. Lat ein annan gå god for meg ¬hjå deg! Kven skulle elles gje meg ¬sitt handtak?

4. Du har stengt deira hjarta ¬for skjøn, difor lèt du dei ikkje triumfera.

5. Ein mann fortel sine vener korleis eigedomen hans ¬skal delast; men sønene hans ¬får sløve augo.

6. Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk, eg er ein mann ¬som dei spyttar på.

7. Augo mine er sløve av sorg, mine lemer kverv ¬som ein skugge.

8. Rettferdige folk støkk til ¬av slikt, den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus.

9. Men den rettferdige ¬held fast på si ferd, og den som har reine hender, får endå større kraft.

10. Men de, kom att alle saman! Eg finn ingen vismann ¬mellom dykk.

11. Mi tid er ute, ¬mine planar er knuste, alle dei ynske eg hadde.

12. Mine vener gjer natta ¬til dag og seier at ljoset ¬er nærare enn mørkret.

13. Er det von for meg? Dødsriket er min bustad, i mørkret reier eg mi lege.

14. Eg ropar til grava: ¬«Du er min far!» og til krypet i jorda: ¬«Mi mor og syster!»

15. Kvar finst vel det ¬som eg kan venta på? Er det nokon ¬som øygnar von for meg?

16. Går vona til dødsriket ¬saman med meg, sig vi ned i støvet på same tid?

»