Logo
🔍

Jobs bok 18 N78NN

« Ljoset sloknar for den gudlause

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord? Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved!

3. Kvifor skal vi reknast som fe? Trur de at vi er ureine?

4. Du som riv deg sund i vreide, skal jorda øydast for di skuld og fjellet flyttast frå sin stad?

5. Ljoset sloknar for den gudlause, det logar ingen eld på hans åre.

6. Ljoset i teltet hans går ut, og lampa sloknar for han.

7. Hans sterke steg vert hindra, han fell for sin eigen plan.

8. Hans føter vert fanga i garnet, og han går i nettet.

9. Snara grip han om hælen, rennelykkja held han fast.

10. Garnet han går i, ¬er løynt på jorda, snara ligg på hans veg.

11. Redsler skræmer på alle kantar, dei jagar han ¬kvar han set sin fot.

12. Ulukka hungrar etter han, undergang står ferdig ¬attmed han.

13. Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke, ein drepande sjukdom ¬et hans lemer.

14. Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt; du fører han bort ¬til redselskongen.

15. Andre kan bu ¬i det teltet han åtte, svovel vert strøytt ¬på hans bustad.

16. Nede i jorda turkar hans røter, og ovantil visnar hans greiner.

17. Hans minne kjem bort ¬frå landet, ingen nemner hans namn ¬på gata.

18. Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret, dei jagar han ut or verda.

19. Han har ikkje born, ingen etterkomar i sitt folk; der han budde, ¬slapp ingen unna.

20. Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad, og i aust vert dei gripne ¬av redsle.

21. Ja, så går det ¬med nidings bustad, med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud.

»