Jobs bok 19 N78NN
1. Då tok Job til ords og sa:
2. Kor lenge vil de plaga meg og knusa meg med ord?
3. Det er tiande gongen ¬de spottar meg og går laus på meg utan skam.
4. Har eg i røynda fare vilt, så er det mi eiga sak.
5. Er de verkeleg større enn eg, så syn meg at skamma er mi!
6. De må då skjøna ¬at Gud gjer meg urett når han spenner sitt garn ¬ikring meg.
7. Eg ropar: «Vald!» ¬men får ikkje svar, eg skrik om hjelp, ¬men det finst ingen rett.
8. Han har stengt vegen, ¬eg kjem ikkje fram, han har lagt mine stigar ¬i mørker.
9. Han har teke mi ære frå meg og rive kransen av mitt hovud.
10. Han har brote meg ned ¬på alle kantar, eg må gå min veg; mi von har han rykt opp ¬som eit tre.
11. Han lèt sin vreide ¬loga mot meg, han held meg ¬for sin motstandar.
12. I fylking kom hans hærflokkar ¬mot meg, dei brøytte seg veg ¬og slo leir kring mitt telt.
13. Mine brør held seg unna, mine kjenningar ¬har vendt seg frå meg.
14. Dei som stod meg nær, er borte, dei som kjenner meg, ¬har gløymt meg.
15. Huslyd og tenestjenter held meg for ein framand, eg har vorte som ein utlending ¬for dei.
16. Når eg ropar på tenaren, ¬svarar han ikkje; eg må be han audmjukt ¬om hjelp.
17. Min ande byd mi kone imot, mine brør synest ¬at eg luktar vondt.
18. Jamvel gutungar vanvørder meg og snur ryggen til ¬når eg reiser meg.
19. Alle mine beste vener styggjest ved meg, og dei som eg elska, vender seg mot meg.
20. No er eg berre skinn og bein, einast tannkjøtet er uskadt.
21. Ver milde og miskunnsame, ¬vener, Gud har rørt meg med si hand.
22. Kvifor jagar de meg ¬så som Gud, får de ikkje nok av mitt kjøt?
23. Gjev mine ord vart skrivne, vart teikna opp i ei innskrift,
24. ja, rita i fjellet for alltid med jerngriffel og bly!
25. Men eg veit ¬at min utløysar lever, og som den siste ¬skal han stå fram på molda.
26. Når det ikkje er noko att ¬av mi hud og mitt kjøt er borttært, då skal eg skoda Gud.
27. Med eigne augo skal eg sjå han, eg sjølv og ikkje ein framand. Å, eg tærest bort av lengsle!
28. Når de seier: «Vi vil jaga han, rota til ulukka finst hjå han,»
29. då må de reddast for sverdet; det er straffa for slike synder. Då skal de sanna ¬at det finst ein domar.