Logo
🔍

Jobs bok 20 N11NN

« Sofar: Dei vonde jublar ei kort tid

1. Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:

2. Igjen og igjen får eg opprivande tankar, dei gjer meg uroleg.

3. Vel må eg lytta til refs og hån, men krafta frå min forstand gjev meg svar.

4. Du veit at slik har det alltid vore, heilt sidan mennesket vart sett på jorda;

5. dei urettferdige jublar ei kort tid, den ugudelege gleder seg ein augneblink.

6. Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgt og hovudet når til skyene,

7. går han likevel til grunne som skit. Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»

8. Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje. Han svinn som eit syn om natta.

9. Auget som såg, ser han ikkje lenger, han er ikkje på heimstaden sin.

10. Borna hans må søkja godvilje hos fattige; med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.

11. Ungdomskrafta som fylte beina, kviler no med han i støvet.

12. Det vonde er søtt i hans munn, han gøymer det under tunga.

13. Han smattar på det utan å svelgja, trykkjer det mot ganen.

14. Men maten blir omskapt i magen, blir ormegift i hans indre.

15. Rikdomen han slukte, kastar han opp, Gud driv det ut or magen.

16. Han syg ormeeiter, hoggormtunga drep han.

17. Aldri får han sjå bekker eller elvar som fløymer med honning og rømme.

18. Maten han har streva for, vil ut, han får han ikkje ned. Han har inga glede av rikdomen han vann.

19. For han knuste fattige og lét dei liggja, han røva til seg hus han ikkje hadde bygd.

20. Han finn inga ro i sitt indre; han kan ikkje berga det han har så kjært.

21. Ingen ting slepp unna fråtsinga, difor varer ikkje velstanden for han.

22. I hans store overflod blir det trongt, ulukka rammar, med full kraft.

23. For retteleg å fylla magen hans sender Gud sin brennande vreide og lèt det regna over han med kjøt.

24. Han rømmer frå våpen av jern, men blir såra av ein bronseboge.

25. Han dreg pila ut av ryggen, dreg den blanke spissen ut av galleblæra. Redsle kjem over han.

26. Stummande mørker løyner han. Ein eld som ingen pustar til, fortærer han. Ulukka rammar dei som er att i teltet hans.

27. Himmelen avdekkjer hans skuld, jorda reiser seg mot han.

28. Avlinga han fekk i hus, blir ført bort, skyld vekk på Guds vreidedag.

29. Slik er lagnaden eit urettferdig menneske får av Gud, arven som Gud har bestemt.

»