Logo
🔍

Jobs bok 20 N78NN

« Den gudlause har berre mørker i vente

1. Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:

2. Mine tankar gjev meg svar ¬på dette, difor er eg så oppøst.

3. Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord, men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.

4. Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid, heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:

5. Dei gudlause jublar ¬ei lita stund, ein augneblink varer ¬nidingens glede.

6. Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt, og hans hovud reiser seg ¬mot sky,

7. så går han for alltid ¬til grunne som skit; dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»

8. Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir, han kverv som eit syn om natta.

9. Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger, han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.

10. Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp; og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.

11. Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft, men no må ho fylgja ¬med han i støvet.

12. Det vonde smakar søtt ¬i hans munn, han gøymer det under tunga.

13. Han sparer på det ¬og slepper det ikkje, men held det fast mot ganen.

14. Likevel vert maten omskapt ¬i hans mage og vert til ormeeiter i hans liv.

15. Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp, Gud driv det ut or hans buk.

16. Ormeeiter må han suga i seg, hoggormen drep han ¬med si tunge.

17. Aldri får han sjå at det renn bekker med honning ¬og elvar med mjølk.

18. Han må gje att ¬det han har vunne, og får ikkje nyta godt av det; han har inga glede ¬av den rikdom han vann.

19. For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja, han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.

20. Men inni seg fekk han aldri ro, med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.

21. Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst, difor skal hans velstand ¬ikkje vara.

22. Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod, ulukka råkar han ¬med all si makt.

23. For at han skal få nok, sender Gud imot han ¬sin brennande vreide og lèt undergang regna på han.

24. Rømer han for jernvåpen, skal ein bronseboge ¬gjennombora han.

25. Han dreg pila ut or ryggen og blanke odden or galleblæra; då vert han gripen av redsle.

26. Berre mørker har han i vente. Han skal øydast av ein eld som ingen blæs på. Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna, skal det gå ille.

27. Himmelen openberrar ¬hans skuld, og jorda reiser seg mot han.

28. Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad, ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.

29. Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud, det er den arv han har etla dei.

»