Logo
🔍

Jobs bok 21 N78NN

« Kvifor skal dei gudlause få leva?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Høyr vel etter det eg seier, lat det vera den trøyst ¬de gjev meg.

3. Ber over med meg, ¬så eg får tala; når eg er ferdig, kan de spotta.

4. Er det menneske mi klage gjeld? Har eg ikkje grunn ¬til å vera utolmodig?

5. Vend dykk hit, ¬så vil de støkka til og leggja handa på munnen.

6. Eg tenkjer på noko ¬som gjer meg forfærd, heile kroppen skjelv:

7. Kvifor skal dei gudlause få leva, verta gamle og auka si makt ¬og sin rikdom?

8. Trygt lever borna deira hjå dei, etterkomarane ¬har dei ikring seg.

9. Deira hus er trygge ¬mot det som skræmer, og Gud brukar ikkje riset ¬på dei.

10. Hjå dei spring oksane ¬aldri fåfengt, kyrne kalvar og kastar ikkje.

11. Dei slepper ut småborna ¬som sauer, og gutane hoppar og dansar.

12. Dei syng til tromme- og lyrelåt og jublar til fløytetonar.

13. Dei endar sine dagar i lukke og går til dødsriket i fred.

14. Endå seier dei til Gud: ¬«Gå frå oss! Vi har ikkje hug ¬til å kjenna din veg.

15. Kvifor skal vi tena ¬Den Allmektige? Kva nyttar det ¬at vi bed til han?»

16. Dei gudlause ¬har ikkje lukka i si hand, dei legg planar ¬utan å rekna med Gud.

17. Kor ofte sloknar lampa ¬for nidingar, kor ofte kjem ulukka over dei? Er det slik ein lagnad ¬han gjev dei i sin vreide?

18. Lèt han dei verta ¬som halmstrå i vinden, lik agner ¬som stormen sopar bort?

19. Er det Guds vilje ¬å spara mannen og la ulukka ¬koma over hans born? Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest.

20. Han skulle få sjå sin undergang, drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige.

21. For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden, når hans tilmælte tid er ute?

22. Er det nokon som vil læra Gud, han som rår ¬over dei høgaste skapningar?

23. Éin døyr midt i si beste kraft, heilt igjennom sorglaus ¬og roleg,

24. hans kar er fulle av mjølk, og hans bein har saftfull merg.

25. Ein annan døyr med bitter hug og har aldri fått nyta lukke.

26. Så ligg dei begge nedi molda, fulle av makk og kryp.

27. Ja, eg kjenner dykkar tankar, dei vonde planar ¬de legg imot meg.

28. For de spør: ¬«Kvar er stormannens hus? Kvar er teltet ¬der dei gudlause budde?»

29. Har de ikkje spurt vidfarne folk og lagt merke til ¬det dei kan fortelja?

30. Den vonde vert spart ¬på ulukkedagen, han finn berging ¬på vreidedagen.

31. Kven påtalar ope ¬hans ringe ferd, kven gjev han att ¬for det han har gjort?

32. Dei ber han til grava, og ved gravhaugen ¬held dei vakt.

33. Han kviler i fred ¬under torva i dalen. Alle menneske fylgjer etter, og ei tallaus mengd ¬har gått føre.

34. Nei, de trøystar meg ¬til inga nytte, falske er dei svar de gjev.

»