Logo
🔍

Jobs bok 22 N78NN

« Forlik deg med Gud!

1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2. Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud? Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.

3. Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd, har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?

4. Er det di gudsfrykt ¬han refser deg for når han fører klagemål ¬mot deg?

5. Er ikkje din vondskap stor og dine misgjerningar ¬utan ende?

6. Du panta brørne dine ¬utan grunn, drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.

7. Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne lét du ikkje få brød.

8. Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt, og berre storfolk skal bu der!

9. Du sende enkjer ¬tomhendte bort og nekta å hjelpa farlause born.

10. Difor er snarer sette ikring deg, brått vert du gripen av redsle.

11. Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå, ein vassflaum skyl over deg.

12. Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen? Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!

13. Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud? Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?

14. Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjå der han vandrar ¬utmed himmelranda.»

15. Vil du fylgja den gamle stigen som ugjerningsmenn ¬har trakka?

16. Dei vart rivne bort før tida, flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.

17. Dei sa til Gud: «Gå frå oss! Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»

18. Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting; nidingars råd var langt ifrå han.

19. Dei rettferdige ¬ser det med glede, og dei skuldlause spottar dei:

20. «Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre, resten av dei har elden øydt.»

21. Forlik deg no med han ¬og hald fred, så skal lukka venda tilbake ¬til deg.

22. Ta imot rettleiing ¬frå hans munn, og legg deg hans ord på hjarta.

23. Vender du om ¬til Den Allmektige, skal du atter reisast opp. Held du urett borte frå ditt telt,

24. og kastar du gullet ditt i støvet, ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,

25. skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg, ja, som det finaste sølv.

26. Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige, og lyfta andletet til Gud.

27. Når du bed til han, ¬vil han høyra deg, og du skal gjera det du har lova.

28. Det du set deg føre, ¬skal lukkast, og ljos skal skina på dine vegar.

29. Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig, men frelser dei ¬som slår augo ned.

30. Han bergar den ¬som er fri for skuld; har du reine hender, ¬vert du berga.

»