Logo
🔍

Jobs bok 23 N78NN

« Korleis kan eg finna han?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, i dag må eg klaga sårt. Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar.

3. Å, visste eg berre korleis eg kunne finna han og koma fram ¬for hans kongsstol.

4. Då la eg fram for han mi sak og fylte min munn ¬med gode grunnar.

5. Då fekk eg vita ¬kva han ville svara, og skjøna ¬kva han ville seia meg.

6. Ville han strida mot meg ¬med si store makt? Å nei, han ville nok høyra ¬på meg.

7. Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med han og berga min rett for alltid.

8. Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der, og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje.

9. Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer, snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han.

10. Han kjenner den vegen eg går; som gull ¬skulle eg stå hans prøve.

11. Eg fylgde støtt i hans fotefar og heldt meg trufast ¬på hans veg.

12. Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav, men gøymde hans ord ¬i min barm.

13. Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han? Det han har hug til, ¬det gjer han.

14. Han fullfører det ¬han har fastsett for meg, og mykje slikt har han i tankar.

15. Difor gruar eg for å møta han; når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva.

16. Gud har gjort meg motlaus, Den Allmektige ¬har skræmt meg.

17. Men mørkret ¬har ikkje tynt meg, endå det skumrar ikring meg.

»