Logo
🔍

Jobs bok 24 N78NN

« Dei gudlause gjer opprør mot ljoset

1. Kvifor har ikkje ¬Den Allmektige sett av tider til dom? Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han, sjå at hans dagar kjem?

2. Dei gudlause ¬flytter merkesteinar, dei røvar sauer ¬og sender dei på beite.

3. Esla åt farlause driv dei bort, og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.

4. Fattige tvingar dei ut av vegen, dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.

5. Som villesel i øydemarka går dei til arbeids. På aude moar ¬leitar dei etter mat; der må dei finna føde til borna.

6. Dei haustar fôr på marka og sankar den frukt som er leivd i vingarden åt dei vonde.

7. Halvnakne ligg dei ute ¬om natta, utan klede eller teppe i kulden.

8. På fjellet vert dei våte av regn; fordi dei ikkje har livd, trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.

9. Somme riv farlause born ¬frå brystet og tek pant av dei hjelpelause.

10. Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede, svoltne må dei bera kornband.

11. Mellom murane pressar dei olje, tyrste trakkar dei vinpressa.

12. Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske, og dei som er såra, ¬skrik om hjelp. Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn.

13. Andre gjer opprør mot ljoset. Dei kjenner ikkje ljosets vegar, held seg ikkje på ljosets stigar.

14. Før dagen renn, ¬står drapsmannen opp og slår i hel ein fattig stakkar. Om natta er tjuven på ferde.

15. Horkaren ventar på skumringa. Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,» og så løyner han andletet.

16. I mørkret gjer tjuvane innbrot; dei stengjer seg inne om dagen, for dei vil ikkje vita av ljoset.

17. Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon, dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.

18. Men brått vert dei borte ¬som på vatnet. Forbanna er deira lut i landet, ingen tek vegen til vingardane.

19. Turk og hete tek snøvatnet bort, dødsriket sluker ¬den som syndar.

20. Mor hans gløymer han, makken godtgjer seg med han, og ingen minnest han meir. Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.

21. Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born, og gjorde ikkje vel mot enkjer.

22. Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft; når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv.

23. Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte, men augo hans ¬vaktar deira ferd.

24. Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt; dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre, som mogne aks ¬vert dei avskorne.

25. Er det ikkje så? Kan nokon seia at eg lyg og gjera mitt ord om inkje?

»