Logo
🔍

Jobs bok 25 N78NN

« Gud har velde og valdar redsle

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Gud har velde og valdar redsle, han skaper fred ¬i sin høge himmel.

3. Kan nokon telja hans fylkingar? Får ikkje alle sitt ljos frå han?

4. Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud, kan den som er fødd ¬av ei kvinne, vera rein?

5. Jamvel månen ¬skin ikkje klårt nok for han, i hans augo ¬er ikkje stjernene reine.

6. Kor mykje mindre då ¬menneskekrypet, mannen – den makken han er?

»