Logo
🔍

Jobs bok 26 N78NN

« Guds skaparmakt

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mann og støtta ein arm ¬som ikkje har styrke!

3. Du gav råd ¬til den som vanta visdom, og stort skjøn lét du han få.

4. Kven hjelpte deg til å finna ord, kven kjem ho ifrå, den ånda som går ut frå deg?

5. Daudingane skjelv av angst ¬der nede, vatnet og alt som held til i det.

6. Dødsriket ligg ope for Gud, undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.

7. Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna, hengt jorda opp ¬over det tome rom.

8. Vatnet sveiper han i skyer, og skylaget brest ikkje ¬under det.

9. Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstol når han breier sine skyer ¬ut under den.

10. Han har drege opp ¬himmelranda over havet, der grensa går ¬mellom ljos og mørker.

11. Søylene under himmelen skjelv, lamslegne er dei når han trugar.

12. Han rørte opp havet ¬med si kraft og knuste Rahab i sin klokskap.

13. Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen. Med si hand ¬har han gjennombora ormen som rømer så raskt.

14. Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk; det er som å høyra ei kviskring. Kven kan då skjøna den tora som lyder når han gjer storverk?

»